Apr
14
2005
I morgon kjem endeleg regjeringa si stortingsmelding om Nordområda - så seier i alle fall rykte. Tynt og lite visjonært seier dei same rykta - altså på linje med denne regjeringa sin politikk på alle andre område. Ikkje noko overrasking der. Følg med her for kommentarar når meldinga kjem.
Del dette!
Apr
08
2005
Eg var på landsmøtet i SV. Det er tøft. Ein ting er at eg tapte sentralstyrevalet, noko anna er det at fire dagar med intens politikskaping tar på. Det tar litt tid å komme seg etter eit slikt møte, fordøye inntrykk og forstå kva som skjedde. Det er ei oppleving eg unner alle! Det var eit godt landsmøte for partiet, men og for Nord-Noreg - landsdelen i mitt hjarte. Aldri har SV hatt ein betre næringspolitikk og distriktspolitikk.
Sjølvsagt gjorde landsmøtet vedtak eg er usamd i. Og eg er ikkje slik at eg tap og vinn med same sinn - men alt i alt er eg nøgd.
No blir et spennande kva utfallet blir på AP sitt landsmøte, men eg er trygg på at det blir regjeringssamarbeid om vi vinn valet.
Men
Det viktigaste er at sola skin og våren nærmar seg også her i nord. Det er godt å kjenne sola på kroppen, sjølv om vi ikkje r nakne enno. Det kjem, det kjem!
Del dette!