Miljø

Strøtankar om rovdyr

Eg har ein liten ide eg tenkte eg skulle dele med dokk – elektronisk løysning av rovdyrproblematikken.

Eg veit ikkje om du har sett korleis dei trener hundar for at dei ikkje skal ta sau? Ein set på eit elektronisk halsband som gjev eit elektronisk støt dersom hunden kjem nær sauane. Dette må det gå ann og overføre til rovdyrproblematikken. Spesielt med omsyn til ulv og bjørn som det jo ikkje er særleg mange av. Korfor ikkje sette eit slik elektrisk halsband på alle ulvar og bjørnar? Vi har vel oversikt over dei fleste? Dette kan utløysast gjennom at det og er ein såkalla rfid brikke i halsbandet. Vi må då og sette ein sendar på kvar sau, slik at ulven og bjørnen får eit støt om dei kjem nærmare sauen enn 5(?) meter. Eg veit ikkje kostnaden med dette, men uhorveleg dyrt er det ikkje. På denne måten kan ein og «gjerde» inn ulven og bjørnen. I Lyngen eksperimenterer dei no med GPS-halband til sauen. Dette må ein kunne kombinere med ein liten sendar som utløyser rfid-brikken og dermed støtet på rovdyret.

Dette går nok ikkje på jerv og gaupe – dei er det for mange av, men dette kunne kanskje vere ein enkel måte å ta fatt i konflikta mellom bønder og rovdyr på. Trur dette er mogleg.

Nokre dyreetiske betenklegheitar er det nok likevel….. Kva trur du

Standard

Tankar om “Strøtankar om rovdyr

  1. Magnus says:

    Det er noe av det dummeste jeg har lest noen gang! Vet du egentlig hvor mange ulver og bjørner som finnes i Norge? Det er faktisk flere enn de som er merket. Og vet du hvor mange sauer som finnes i Norge!? Det gar jo ikke ann å sette en «brikke» på alle sauene.. Det blir altfor dumt. Også mener du at de skal få et støt da de er «5» meter unna sauene, det er jo ingenting. en ulv kan jo kaste seg seg så langt, og vet du hvor lang en bjørn er stående? Virker ikke som om du har så veldig mye peiling på hva du snakker om. Vel vel, Lykke til med prosjektet ditt.

    Mvh Magnus

    • Skal ikkje påstå at eg har mykje peiling, men eg meiner å trur at teknologi kan løyse mange problem for oss om vi berre er villige til å tenke nytt. Sjølv om eg er meir enn villig til å akseptere at eg er ute på villorta her

  2. Magnus says:

    Skjønner. Var ikke meningen å virke frekk på det forige innlegget, men ble bare litt paff da jeg leste det 🙂 Tror ikke teknologien har kommet så langt enda. Det blir en forferdelig stor jobb å finne alle dyrene det er snakk om.

    Mvh Magnus

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.