Troms og Tromsø

Frustrasjonar med universitetet

Eg er av og til (som i dag) litt frustrert over to ting ved Universitetet her i Tromsø.

La meg ta det første og viktigaste først. Eg er deltidsstudent, dvs at eg prøver å studere litt jus ved sida av arbeid og anna eg held på med. Det er sjølvsagt frustrerande å ikkje ha nok tid til eit fag ein studerer, men den verkeleg store frustrasjonen er at forelesningane ikkje er tilgjengelege på nettet. Eg klarer ikkje å forstå korfor ikkje forelesningane blir tatt opp, lagra og gjort tilgjengelege for studentar over nettet. Både for oss som ikkje alltid har tid til å gå på forelesninga, men det vil jo og vere eit fantastisk instrument for repetisjon og ein kunnskapsdatabase for folk som generelt er interessert.

Det vil sjølvsagt vere ein del kostnader forbunden med dette. Det må settast opp litt utsstyr. Du må ha ein person eller to til å legge dette ut på nett etterkvart og servarar og slikt må sikkert endrast på. Eg trur vel ikkje at dette blir stor TV, men det vil bli ein fantastisk kunnskapsdatabase. I løpet av ein to til tre år vil enormt mykje kunnskap vere gjort tilgjengeleg for folk og fe i landet. Eg trur og (sjølvsagt utan å vite det) at dersom dette blir gjort rett vil ein kunne rekruttere mange deltidsstudentar frå heile landet. Det er ikkje utenkeleg at den auka vekttalproduksjonen (studiepoeng heiter det kanskje no) frå desse vil vere nok til å betale for kostnaden ved dette prosjektet og vel så det. Kanskje er det eit uløyst problem knytt til kven som eig ei forelesning. Er det forelesaren, og skal ho ha royalties. Dette kan eg ikkje, men forelesningar er då allereie offentlege, det kan då ikkje vere eit problem at dei blir meir offentlege.

Det som kunne bli stor TV er dersom universitetet satsa på eigenproduksjon av dokumentarfilmar knytt til all den spennande forskinga på universitetet. Eg tru det må vere råd og få det lønsamt og, men det er ein annan diskusjon.

Den andre store frustrasjonen min er at UiT ikkje tar vare på sine tidlegare studentar. Eg studerte eitt år i Kanada, og to til tre gonger i året blir eg kontakta av dei, eg får blad i posten og eg blir invitert til å bidra til å utvikle universitetet der, både med pengar og gjennom å rekruttere studentar. Korfor gjer ikkje UiT det same. Det er fantastiske muligheiter dersom ein skapte arenaer der tidlegare studentar kunne bidra. Dette kostar, men det er no eingong slik at alle store universitet i verda (i alle fall i USA – der dei rike universiteta er) gjer dette. Eg trur ikkje dei ville gjort dte om det ikkje var lønsamt både fagleg og økonomisk. Kor mykje ville det eigentleg koste å vedlikehalde ein database som gjorde at UiT kunne sende meg og andre ein e-post tre til fire gonger i året med informasjon om kva som skjer. Tankar om korleis vi kunne bidra til utviklinga av universitetet og ei oppmoding om å rekruttere studentar? Eg trur det ville vore verd det.

Standard
Olje

Oljenirvana

Eg skal ikkje påberope meg all verdas kunnskap om Nirvana. Men så vidt eg har skjønt er det ein tilstand av harmoni og glede der alt er bra og ikkje til å tru. Nirvana er sikkert fint og flott, men det forundrar meg at så mange trur at det er olja som skal bringe oss dit.

Redaktøren i Nordlys har hatt nokre kommentarar og leiarartiklar i det siste som viser ei nærmast religiøs haldning til oljeutvinning i nord. Sjå til dømes Om forvaltningsplanen.

Eg er ein av dei som meiner at verda ikkje tar skade av at vi borer litt i Barentshavet, og at den olja og gassen vi finn der kan vere med på å løfte Nord-Noreg. Men, og det er eit stort men, skal vi gjere dette må vi ta minst to omsyn. Det eine er miljøet, det andre er til korleis vi skal få mest mogleg igjen for oljeutvinninga i nord.

Miljøet er viktig i og for seg sjølv. Men det er og viktig for fiskerinæringa og turistnæringa. Vi kan då ikkje for alvor ta sjansen på å skjere av oss to av dei føtene landsdelen står på, mens det nye (olja) i beste fall er halvvegs utvaksen? Vidare veit vi at Barentshavet har ei kort og sårbar næringskjede. Vi har ikkje lov til å gamble med denne. Derfor la oss ta det svært sakte og forsiktig i Barentshavet. Bygge kunnskap på erfaring slik at vi unngår uhell eller utslepp som øydelegg havet vårt. Dette tyder og på at vi må seie nei til olje- og gassutvinning i dei mest sårbare områda.

Korleis skal vi få mest mogleg igjen for olja og gassen? Det einaste som vi veit heilt sikkert er at det ikkje er først og fremst i Nord-Noreg oljekompetansen sit i dette landet. Den kompetansen sit i hovudsak på Sør-vestlandet. Dersom vi no tar sjumilstøvlane på og opnar Barentshavet med eit big bang har ikkje nordnorsk næringsliv sjanse til å ta dei oppdraga som kjem. Syndefloda av oppdrag druknar oss, men vil gje næringslivet på sør-vestlandet høve til å surfe inn og bygge eigen kompetanse på kaldt klima og Barentshavet. Nordlysredaktøren si linje er å be om at vi får minst råd igjen for det som skal skje i Barentshavet. Derfor la oss ta det svært sakte og forsiktig i Barentshavet. Bygge kunnskap på erfaring slik at vi unngår uhell eller utslepp som øydelegg havet vårt. Dette tyder og på at vi må seie nei til olje- og gassutvinning i dei mest sårbare områda.

Standard
Internasjonalt, Økonomi

Fly for solidaritet

Det var med stor glede eg leste at bistandsminister Erik Solheim vil vere med på eit internasjonalt prosjekt der ei lita avgift på kvar flyreise skal finansiere naudhjelp og bistand (Les om dette i VG)

Det er mange utfordringar knytt til internasjonalt solidaritetsarbeid. Ei av utfordringane er at slikt arbeid er at det er dårleg med fast finansiering, og mykje skjer litt tilfeldig. Dette kan vere med på å skape langsiktig finansiering, det vil igjen gjere det råd å arbeide langsiktig med for eksempel AIDS-problematikken. Frankrike har gått i spissen for dette arbeidet, og no følgjer Noreg på som land nummer to.

Eg vil likevel løfte ein advarande peikefinger. Sjølv om dette ikkje er dei store summane (åtte kroner for ein billigbillett) er det viktig at denne avgifta blir lagt kun på internasjonale avgangar. Viss ikkje blir dette nok ei «distriktsavgift» som dei som bur utanfor hovudstaden i hovudsak må betale. Slike avgifter er det mange nok av allereie. På den andre sida viser det seg jo i dei store pengeinnsamlingane at folk i distrikta ofte gjev mest – men la no folk avgjere dette sjølv og unngå denne avgifta på kortbanenettet.

Standard