Skole, Utdanning, Vidaregåande

Makt eller avmakt

Eg har no vore fylkesråd med ansvar for utdanning i snart tre veker. Det har vore ei spennande tid. Det er nytt og spennande for meg ta folk faktisk tar omsyn til det eg meiner. Tidlegare (medan vi var i opposisjon) var eg meir van med å meine ting ut av tomme lufta. Fokuset mitt har endra seg, frå å ha eit mål om å komme i media med meiningar, til faktisk å få gjennomført nokre av meiningane. Det er artig å ha litt makt, men det er ei frustrerande kjensle av avmakt å ikkje kunne gjere ting fordi vi manglar økonomi til det.

Det skjer usannsynleg mykje spennande innafor utdanningssektoren for tida. Det største og viktigaste er innføringa av kunnskapsløftet. Denne store reformen endra læreplanar og korleis vi skal tenkje om utdanning og er ei kjempeutfordring til skolane, og til oss som er skoleeigarar. Eg er stolt av måten lærarane i den vidargåande skolen i Troms har gått laus på denne reformen med krum hals og står på for å få den til åfungere godt til beste for elevane. Vi er ikkje i mål enno, men eg trur dette skal gå bra.

På toppen av denne reformen innfører vi obligatorisk bærbar PC for alle elevane som startar i første klasse i år. Det er ei stor utfordring å få dette til, både teknisk og pedagogisk. Men, igjen trur eg det skal gå fint.

Det er mykje som kan gjerast betre i den vidaregåande skolen i Troms, og mykje som er svært bra. Eg vil gjerne ha tilbakemelding frå elevar, lærarar og andre på korleis vi kan halde fram med å utvikle den vidaregåande skolen i Troms. Skriv gjerne eitt innlegg her på bloggen min. Eg garanterer at det vil bli lest.

Standard