Oljeboring og sirkus

Noko av det artikgaste med å vere politikar er at eg får sjansen til
å vere med på å skape nye ting i samfunnet.

I går vedtok fylkesrådet i Troms opplæringstilbodet i fylket sine vidaregåande skolar for neste år. Det er sjølvsagt mange skolar som blir skuffa, men mange blir og nøgde. I Troms til neste år satsar vi på fire heilt nye utdanningar samstundes som vil held fast ved eitt breitt og desentralisert tilbod. Dei nye tilboda som kjem er Sirkus, Brønnteknikk, Bilskade lakk, og IB-linje. Dette er ein del av eit stadig pågåande arbeid for å gje eit breiast mogleg tilbod til ungsomen i Troms. Som SVar er det gledeleg å kunne gje eit tilbod med så stor spennvidde som vi har fåtttil her.

Sirkustilbodet er ein del av det idrettsfaglege tilbodet. Såkalla nysirkus er ein måte å bruke kroppen på (akrobatikk, klovneri og sjonglering) for å fortelje ei historie. Brønnteknikk kvalifiserer til arbeid innafor oljeboring og petroleum, men og andre yrke der det er behov for brønnteknikk. Det kan vere boring etter vatn, ellboring for å hente ut jordvarme. IB-linja er eit tilbod med større fagleg fordjuping og spesialisering enn i den vanlege allmennfaglege utdanninga. Bilskade lakk er eit tilbod til dei som ønsker å arbeide med å ta vare på bilparken i landet. Det er ei glede å kunne gje desse tilboda til ungdom (og vaksne) i Troms.

Du kan lese meir om desse tilboda på Troms fylkeskommune sine nettsider: www.tromsfylke.no

Medisinerutdanninga i fare

Utdanninga av legar ved Universitetet i Tromsø er ei av mange store suksesshistoriar
innafor norsk høgare utdanning. Tilbodet er godt og ettertrakta. Dessverre er tilbodet no i fare.

Framlegga til innsparingar ved Universitetssjukehuset i Tromsø kan gjere det svært vanskeleg å gje eit godt tilbod til dei som skal bli legar og kirurgar i framtida. I dag har eg derfor sendt dette brevet til helsedepartementet og kunnskapsdepartementet.

Til
Helsedepartementet ved statsråd Sylvia Brustad
Kunnskapsdepartementet ved statsråd Øystein Djupedal

Kopi til Helse Nord

Store konsekvenser for medisinerutdanninga i Tromsø

Styret for Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN) står framfor store nedskjæringar i budsjettet. Styret skal ta stilling til desse nedskjæringane i møte 8. desember.Eit av framlegga er å innføre firedagersveke ved UNN. Dette får alvorlege konsekvensar for tilbodet til folket i nord, men det får og store konsekvensar for utdanninga av legar og kirurgar ved Universitetet i Tromsø.

Innføringa av firedagersveke vil bety ei 20 prosents reduksjon i undervisningstilbodet. Det har vore gjort forsøk med å innpasse heile undervisningstida i klinikk på fire dagar. Dette er ikkje råd å få til. Konsekvensen av kuttet i undervisning er at det ikkje vil vere mogleg å melde studentane opp til eksamen, då dei ikkje har fått nok praksis på sjukehuset. Denne kliniske undervisninga er obligatorisk. Medisinerutdanninga i Tromsø har no eit omfang som er i grenselandet til kva som er råd å få til med omsyn til storleiken på sjukehuset.

Medisinerutdanninga i Tromsø er av mellomstor storleik, også samanlikna med internasjonale tilhøve, og UNN har ein kapasitet som berre så vidt klarer å dekke opp for det behovet som utdanninga har. Eikvar nedskjæring av dei planlagde operasjonane ved UNN kan få store negative konsekvensar for medisinerutdanninga. Det er fortvilande å sjå på ei nedskjæring som vil få som konsekvens at fleire pasientar må reise til andre sjukehus, spesielt når dette er med på å forringe tilbodet til studentane og forskarar.

Det burde ikkje vere naudsynt å utbrodere konsekvensane av at fleire årskull ved medisinerutdanninga i Tromsø ikkje får høve til å ta eksamen. Ein ting er at dette er å kaste blår i augo på studentane, noko anna er kva konsekvensar dette får for framtidig rekruttering av både allmennlegar og legar til sjukehusa i Nord-Noreg.

Fylkesrådet i Troms er svært bekymra for denne utviklinga. Det er vanskeleg å finne ord som kraftig nok understrekar dei negative konsekvensane vi no kan stå over for. Fylkesrådet i Troms ber helsedepartementet og kunnskapsdepartementet ta denne saka svært alvorleg, og saman med helseforetaket finne ei løysning som ikkje går utover medisinerutdanninga.

Vi ser fram til ein dialog framover.

Med venleg helsing

Pål Julius Skogholt, fylkesråd for kompetanse

<p