Eg er stolt over at vi no har fått til ei satsing på Skånland vidaregåande skole. Og eg er glad for at dette blir godt mottatt på skolen og av Utdanningsforbundet. Eg ser fram til å følgje utviklinga ved Skånland framover. Så skjønner eg av innlegget til Jan Arne Haugland i Utdanningsforbundet at dei tilsette ved Skånland vgs og skånlandsamfunnet ikkje enno har lagt bak seg dei bruduljane skolen har vore gjennom den siste tida, og er bekymra for konsekvensane av samanslåinga med Heggen vgs. Eg vil derfor slå fast at det ikkje finst ein einaste løynt tanke om å legge ned Skånland vidaregåande skole.
Hadde det vore slike tankar ville vi ikkje satsa på skolen gjennom å gje skolen det nye tilbodet innafor service og samferdsel med vekt på reiseliv. Eg er overtydd om at Skånland får eit godt samliv med Heggen innafor den nye regionskolen ? eit samliv som vil styrke begge partar. For å få det til er det avgjerande at alle partar har tru på det vi gjer og blir gode til det vi gjer.
Frå SV si side var det ikkje noko ønske om å slå saman skolane i fylket. I det fylkesrådet vi no er med vart det eit kompromiss der dette var noko vi måtte godta. Vi lever godt med dette, fordi vi no legg premissane for desse samanslåingane og dermed sikrar oss mot nedbygging av dei minste avdelingane innafor dei nye regionskolane. Garantiar skal ein vere forsiktige med, men eg kan i alle fall garantere at det ikkje finst planar om nedbygging eller nedlegging av Skånland vidaregåande. Skolen er ein viktig institusjon i ETS-kommunane, for ungdomane der og for det markasamiske miljøet. Eg har ingen planar om å ta vekk ein så viktig institusjon.
Velkommen hit
Eg heiter Pål Julius Skogholt er blitt 40 år. Eg har tre barn, nummer to tok til på skolen i haust. Eg kjem opprinneleg frå Lofoten, men har tapt hjarte mitt til Tromsø og ei vakker kvinne frå byen. Der er det kanskje ein samanheng? På denne bloggen skriv eg og meiner ein del. Det er ikkje alt som er like gjennomtenkt, men det meste er det. Denne bloggen vart starta i 2005. Sida den tid har eg lært mykje, og sikkert endra meining mange gonger. Det er ikkje sikkert at eg no ville skrive det same som eg skreiv før.
Eg håper du les, og at du kommenterer. Det kan eg lære av, og kanskje du og?
Og, er du ikkje lei av meg etter å ha lest bloggen min så kan du jo følgje meg på twitter palskogholt eller besøke meg på facebook eller sende meg ein e-post til pal.julius@skogholt.org
Tilrådde innlegg
Abonner på innlegg RSS
Søk på bloggen
Vi skyt på skiltan
Lesarmåling
Loading ...Merkelappar
Afghanistan anbud Ap Arbeidsprogram arktis buss demokrati e-bok EU finanskrise Frp fylkesråd Fylkesting gaza høgre høyre Klima klimaendring Kristin Halvorsen Miljø nordlys Olje Politikk Putin Pål Julius Skogholt Russland skatt Skole skoledebatt statsbudsjett SV Sør-Afrika Troms fylke Troms og Tromsø tromsø Twitter USA Val valg Venstre Video Videoblogg videregående skole youtube økonomiSiste kommentarar
Kategoriar
Arkivet
- RT @jonaseilertsen: et interessant innlegg av @bardvegar om Stortingets rolle i norsk politikk og behov for mer visjonær stortingsdebatt ...test13 hours ago
- @jcelden men tenk på alle jobbane for teologanetest5 days ago
- RT @AllanAndreassen: I dag er det så kaldt ute at til og med advokatene går med hendene i egne lommertest5 days ago
- @stmarthinsen huska at eg synst det i ungdomstida #dåogtest6 days ago
- @OysteinVangsnes er det ikkje slik at det umoglege berre tar litt lengre tid?test6 days ago
Lik denne sida då vel
