Olje, Sosialisme, SV

Våte maskuline oljedraumar

Eg er på landsmøtet i SV. Det er alltid ei god oppleving. I år opplev eg eit samla parti som står samla rundt eit felles prosjekt. Eit prosjekt som handlar om å styre og endre landet og verda i ei meir solidarisk og rettferdig retning. Men eit landsmøte er og ein arena for å ta opp lokale spørsmål. Vi frå Troms har vore opptatt av mellom anna olje og nordområdepolitikken. Sjølv tok eg opp at Harstad må bli senteret for oljeverksemda i nord og ha ansvaret for nordområdesatsinga i StaoilHydro. Dette kan ikkje styrast frå Trøndelag slik StatoilHydro legg opp til. Lokalisering er for viktig til at styret i StatoilHydro kan ta slike avgjerder åleine. Eigarane – dei folkevalde – må ta slike avgjerder. Eg er spent på om vi får gjennomslag for dette under voteringa på søndag. Her er forslaget vårt.

Regjeringa må sikre Stavanger og Harstad som oljesenter

Landsmøtet i SV meiner at det vil vere feil om StatoilHydro deler hovudkontoret og internasjonal avdeling mellom Oslo og Stavanger. Stavanger er den norske oljehovudstaden, og det er viktig at Stavanger har denne statusen. Ei deling mellom Stavanger og Oslo vil over tid føre til ei svekking av oljemiljøet i Stavanger og flytting av kompetanse frå Vestlandet til Oslo. Dette er ikkje ei utvikling SV ønsker. SV ber om at regjeringa og Stortinget nyttar eigarmakta si til å sikre at hovudkontoret og internasjonal avdeling blir verande i Stavanger.

SV er mot utvinning av olje i Barentshavet, og går inn for fredning av store område. Dersom det likevel skulle bli ei utbygging er SV svært opptatt av at den nordlegaste landsdelen får størst mogleg verknad av ei utbygging. SV går derfor inn for at Harstad skal vere oljesenteret i nord, og at ansvar for både leiting og drift i nordområda skal styrast frå Harstad. Helge Lund har fleire gonger slått fast at framtida til Statoil ligg i nord. Dette må få konsekvensar og for organiseringa av selskapet. Landsmøtet i SV ber regjering og Storting sikre at Harstad blir senteret for olje i nord og at ansvar for drift også skal ligge i Harstad.

I innlegget etter mitt tok Herbjørg Valvåg eit betimeleg oppgjer med dei våte maskuline oljedraumane som dominerer nordnorsk politikk. Landsdelen kan ikkje leve av olje åleine, og det er ei viktig oppgåve for SV å peike på andre utviklingsmoglegheiter. Eg trur dette ligg i reiseliv, forsking og utnytting av andre naturressursar.

Standard