Skole, Sosialisme, Vidaregåande

Vidaregåande skole inn i ei ny tid

Den vidaregåande skolen har gått gjennom store endringar dei siste tjue åra. Reform 94, kunnskapsløftet er namnet på dei store reformene, men også mellom desse store reformene har det skjedd mykje i skolen. Det er viktig og rett at skolen går gjennom endringar, skolen kan ikkje stå i ro når samfunnet beveger seg med rakettfart. I Troms som i resten av landet betyr det at vi har store utfordringar, men også store moglegheiter.

I Troms har vi utvikla ein desentralisert vidaregåande skole med eit breitt tilbod til ungdom og vaksne i fylket. Skolen gjev eit godt grunnlag for arbeid og høgare utdanning. Til hausten kan du velje utdanning til omtrent 160 ulike yrke i Troms fylke. Svært mange av desse utdanningane finn du i alle delar av fylket.

Den vidaregåande skolen er full av dyktige og entusiastiske medarbeidarar. Medarbeidarar som står på og gjer ein imponerande innsats, sjølv om økonomi og bygningar ikkje alltid er slik vi kunne ønska oss. Det står enorm respekt av den jobben som blir gjort i den vidaregåande skolen.

Store utfordringar

Denne breidda og denne satsinga kostar pengar – pengar som det er verd å bruke for å gje gode tilbod. Vi har likevel fleire store utfordringar. Dei to viktigaste er kanskje korleis vi kan hindre fråfall og trygge at alle kjem ut av den vidaregåande skolen med ein kompetanse som kan nyttast i yrkeslivet, den andre store utfordringa er korleis vi kan spisse utdanninga slik at vi i tillegg til å ha eit godt tilbod i breidda og gjev eit tilbod som på i alle fall nokre område er i verdsklasse.

Mitt ønske er at ingen skal bli ståande igjen, og at dei som spring raskast skal få hjelp til å nå opp til stjernene. Dette vil krevje tøffe, kreative og spenstige val. Det er òg noko som ikkje kan løysast gjennom å knipse med fingrane, då ville vi vore der for lenge sidan.

Eg trur ikkje skolen best utviklar seg gjennom store strukturelle grep frå politikarar og utdanningsbyråkratar. Eg trur skolen utviklar seg best gjennom å la mange små prosjekt på kvar einskild skole blomstre og spreie seg frå skole til skole, der dei gode får gode vilkår, og dei mindre gode døyr. Det finst ikkje eitt svar på korleis ein god skole ser ut, og i Troms skal vi ha rom til å finne mange svar, og stadig jobbe vidare med dei beste.

Opplæring i bedrift

Det finst likevel ein del retningar vi må gå i for å kunne gje gode tilbod til alle elevane i den vidaregåande skolen. Dei som ikkje maktar å følgje dagens vidaregåande skole, treng andre tilbod enn teoritunge fag. Eg meiner fylkeskommunen i samarbeid med næringslivet og fagrørsla må bli betre til å gje eit tilbod til dei som ønskjer noko anna enn å gå rett frå grunnskolen til vidaregåande skole. Vi må bli flinkare til å nytte ordninga der ein elev kan gå frå grunnskolen direkte til ei opplæring i bedrift.

Mange vil ha godt av å få prøvd seg i praktisk arbeid, og gjennom dette arbeidet erfare at dei og har eit behov for teoretisk kunnskap. Godt arbeid krev gode hender og godt hovud. Dette vil kunne gje ungdom som elles ville falle frå ein ny måte å komme seg gjennom vidaregåande skole og få fagbrevet.

Den vidaregåande skolen skal vere tøff og utfordrande, morgondagens arbeidsliv krev brei kunnskap og ei evne til å ta inn over seg ny kunnskap.

Men dei som ikkje maktar dette må og få høve til å ta delar av ei utdanning. Kanskje klarer du ikkje fullt fagbrev, men du kan likevel får eit godt arbeidsliv med kompetanse innafor delar av eit fagbrev. I Troms har vi hatt kandidatar som har fått formell kompetanse i delar av barne- og ungdomsarbeidarfaget. Det tyder til dømes at dei har fått kompetanse for 0-6års gruppa, men ikkje for eldre born. Eit anna eksempel er kompetanse for kantinekjøkken, heller enn fult fagbrev som kokk.

Ein viktig del av denne satsinga er at vi maktar å ha eit godt tilbod til lærarane i skolen. Frå SV og mi si side vil det å gje lærarane eit godt tilbod innan etter- og vidareutdanning heilt sentralt for å nå måla i skolen. I 2007 auka vi løyvingane til etter- og vidareutdanning for lærarane i Troms med ein million. Det blir viktig å halde fram med denne aukinga. Like viktig blir det å få betre system for etter- og vidareutdanning. Skolane skal no systematisere dette arbeidet, og ei kontinuerleg kompetanseheving skal vere ein del av arbeidskvardagen til lærarane.

Utfordrande for alle

Skolen skal vere utfordrande for alle. Alle skal bli pressa og oppfordre til å bruke alle evnene sine til det ytterste. Alle skal oppleve meistring, men og utfordringar i den vidaregåande skolen.

Då blir det like viktig å gje eit spennande og utfordrande tilbod til dei som er «flinkast» i skolen. Eg ser for meg at dei som ønskjer det og maktar det skal få høve til å ta emne frå høgare utdanning medan dei er i den vidaregåande skolen.

Får vi det til, vil ungdom frå Troms få eit sterkt konkurransefortrinn i yrkeslivet og vidare utdanning. Men, viktigast av alt vil det gje desse elevane ein utfordrande skole, og høve til å utvikle kunnskapane sine og utvikle seg som menneske.

Den vidaregåande skolen i Troms skal vere for alle, og gje utfordringar til alle – og alle skal oppleve meistring i den vidaregåande skolen i Troms.

Standard
Olje, SV

Skuffande av OL-komiteen

Jernbane til Tromsø er eit stort og viktig nasjonalt og regionalt prosjekt. Det er derfor svært skuffande at OL-komiteen i Tromsø blankt avviser å prøve å bruke OL i Tromsø som ei brekkstang for å få til jernbane. Eg håper dette ikkje er ein trend frå OL-komiteen si side. Eg er ein av dei mange som stør OL i Tromsø, og gler meg til vi forhåpentlegvis skal få OL.

Men, det største poenget med å få OL til Tromsø er ikkje å skape ein stor idrettsfest og anna fest. Sjølv om eg gler meg til det og, men å utnytte OL til å utvikle regionen, byen og landsdelen. Eg trur OL-komiteen fort vil oppleve at støtta til eit OL i Tromsø forsvinn dersom vi reduserer eit OL til berre idrett og ikkje ser på korleis OL kan brukast til å utvikle regionen. Eg håper, trur og forventar at OL-komiteen i framtida er meir positive til å utvikle regionen og tar positivt tak i prosjekt som dukkar opp.

Standard