SV

Sau og bjørn

SV er blitt utfordra i rovdyrpolitikken. Dette er ei utfordring vi tar på strak arm. For SV er det to omsyn som må balanserast i rovdyrpolitikken. På den eine sida skal vi ta ansvar for å skape levelege forhold for landbruksnæringa og sauenæringa i landet, og på den andre sida skal vi ta ansvar for å ha levedyktige bestandar av dei store rovdyra i Noreg.

Dette er ein balanse det er vanskeleg å få rett, og vi må nok til tider akseptere feilslag, både i den ein og den andre retninga. I den aktuelle saka med bjørnen i Bardu meiner Troms SV at om ikkje radiomerkinga av binna gjev god verkning så må ho skytast. Troms SV vil bidra overfor departementet for å få det til. Det er ein føresetnad for skyting at alle andre tiltak er prøvd. Troms SV har stor sympati overfor dei utfordringane bøndene i området står over for. Det er grunnen til at vi vil gå inn for skadefelling.

Det som er heilt klårt er at dette ikkje er ein debatt mellom skyting av alle rovdyr på den eine sida og bevaring av alle rovdyr på den andre sida. Den store utfordringa framover er å skaffe god kunnskap om kor mange rovdyr vi faktisk har i fylket og i landet. Denne kunnskapen har vi dessverre ikkje i dag. Her har staten forsømt seg over lang tid. Dette må løysast gjennom at Statens naturoppsyn (SNO) får store nok løyvingar til å faktisk ha oppsyn og kontroll med rovdyra. Det er klårt at 2,5 årsverk i Troms ikkje på langt nær er nok for å oppsyn og kontroll. SNO må styrkast betydeleg framover. Vidare må det jobbast systematisk og omfattande med innsamling av genetisk materiale.

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.