Snøkvit glede

Det gler meg stort at det ikkje blir noko oljeutvinning på Snøkvit utanfor Finnmarkskysten. Korfor det spør du kanskje, vil ikkje eg ha arbeidsplassar? Jau, eg vil gjerne ha arbeidsplassar, men ikkje arbeidsplassar som er tvilsame økonomisk og meir enn tvilsame økologisk.

Eit uhell ved oljeutvinning er svært mykje meir alvorleg enn eit uhell med utvinning av gass. gass har det med å fordampe fort, medan olje har det med å legge seg i fjære og på fuglar – og bli verande der ei stund.

I tillegg er det jo slik at dette landet vårt ikkje slit med for små inntektar frå oljeverksemda. Vi er i den heilsprøe situasjonen at vi har meir pengar enn vi kan bruke. Då finst det ikkje fornuft i å pumpe opp meir klimaøydande olje for å salte pengane ned på børsen i Ny York eller London.

Vi må bruke kapital og investeringar til å skape anna og meir miljøvenleg industri i dette landet.

Så sjølv om oljedirektoratet gjennom tvilsamt press fekk oljeselskap til å utreide olje på Snøkvit er eg glad for at operatørane fann ut at dette skulle det ikkje brukast meir pengar på.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.