Klima,Miljø,Skole,Vidaregåande

Miljøsertifisering av Nordreisa vgs

I dag hadde eg den store gleda å få vere med på å overrekke Miljøfyrtårnsertifikatet til Nordreisa vgs. Den første vidaregåande skolen i Troms som er miljøsertifisert. Talen min kan du lese under her.

Kjære ordførar, elevar og tilsette
Eg veit ikkje kven som har rett. Dei som seier at om vi ikkje gjer noko vil havnivået stige med 50 til 70 centimeter i løpet av dette hundreåret – eller dei som seier at havnivået vil stige med seks til sju meter i løpet av dette hundreåret.

Det eg veit, det vitskapsfolka seier så godt som unisont er at vi er midt i ei global oppvarming. Ei global oppvarming der menneskeleg aktivitet er ein svært viktig grunn til denne oppvarminga og at konsekvensane blir store for oss alle. Sjølv om havet berre skulle stige med ein halv meter. Vi veit og at vi vil sjå dette tydeleg i mi levetid – og heilt sikkert i levetida til dokk som er elevar her ved Nordreisa vidaregåande skole.

Som ei sidebemerking. Det er mange måtar ein kan merke at havet stig på. Sommaren for tre år sidan hadde eg vore ute og fiska. Etter å ha sløyd og gjort til fisken sette eg meg i naustveggen. Og trur dokk ikkje eg somna. Då eg vakna hadde havnivået stige ein god del – og båten var borte. Så ikkje sei at det ikkje blir konsekvensar av og ei lita havnivåstigning.

Kva bli konsekvensane av global oppvarming. La oss tenkje litt på det, og la oss ta utgangspunkt i det hyggelegaste alternativet for det er uhyggeleg nok. Temperaturen stig globalt med to til tre gradar og havet stig med litt over ein halvmeter. Det er då ikkje så skummelt. Varmare somrar er det vel ingen her som har noko imot?

Hadde det no berre vore varme somrar. Dette betyr millionar av menneskar på flukt. Først og fremst i fattige land der dei ikkje har råd til mottiltak. Det betyr mindre matproduksjon, det betyr meir ørken. Dette vil kanskje ikkje ramme oss så hardt – vi har jo pengar nok og kan kjøpe oss fri – men har vi moralsk råd til å sjå på at dette skjer?

Og det vil ramme oss direkte. Tøffare stormar, meir regn, nye artar, torsken forsvinn og makrellen kjem. Og på det heilt banale, kva vil det koste og reparere alle kaier som må bli ein halvmeter høgare, kva vil det koste å flytte dei vegane som blir undergrevd av eit høgare og meir stormfult hav eller blir meir rasutsett? Kva vil det koste med nye sjukdomar, sterkare hus, tjukkare tak? Eg veit ikkje talet – men eg veit det blir milliardar, mange milliardar. Eg veit det blir billigare å førebyggje enn å reparere. Slik er det alltid. Dessverre er ofte førebygginga på eit anna budsjett.

Nokre seier at det er ikkje så farleg. Nokre seier at det ikkje er bevisst at endringane er menneskeskapt, nokre seier at dette har skjedd før. Ja, det har skjedd før. Men forrige gong det skjedde var vi ikkje meir enn seks milliardar menneske på jorda, forrige gong det skjedde budde vi ikkje nesten alle langs kysten med øydelagte naturlege forsvar mot flaum og storm, forrige gong det skjedde var det stor plass å flykte til, stor plass til å starte eit nytt liv, og forrige gong gjekk det sakte. Endringane skjedde i løpet av tusenår ikkje tiår. Konsekvensane var at ungane måtte slå opp teltet sitt 50 meter lenger frå havet enn det foreldra gjorde. Det er noko anna i dag.

Og kva om endringane ikkje berre er menneskeskapte? Nokre seier at sola er blitt sterkare, ja kva så? Er det ikkje uansett vår plikt og rett å gjere vårt aller beste for å forhindre dette. Er det ikkje vår plikt som menneske – som humanistar – å ta ansvar for desse endringane. Menneska er jo ikkje ellers redd for å gjere noko med naturen. For det kan ikkje vere noko som helst tvil – menneska bidrar og menneska kan gjere noko med dette.

Og der har vi solstråla – eller nordlyset – i mørketida. Der har vi håpet. Det er enno ikkje for seint, men det hastar, det hastar.

VÆR UTÅLMODIG MENNESKE!

Langsomt blir allting til.
Skapelsen varer evig.
Mørket ble lys og lyset ild,
og mennesket våknet en dag og sa:
Jeg vil !

Langsomt blir allting til.
Langsomt seiler vår jord mot en ukjent havn.
Ingen kan måle vår fremtid, og ingen kan gi den navn.
Men dette vet vi, at vi er med på å skape
det evige livet, skape det ondt eller godt.

Vi vil ikke tape.
Vi vil ikke miste den ilden vi engang har fått.
Mange var veiene. Det bar galt avsted.
Styrken ble makt og makten vold.
Og mennesker trampet hverandre ned.
Men alltid var drømmene den ytterste virkelighet.

Langsomt blir allting til.
Det haster, det haster. Det kan gå galt igjen.
Hva er det vi vil?
Drømmer og utopier sier de kloke menn,
de som er kalde av hjertet. Hør ikke på dem lenger!
Livet er ikke bare hus og mat og penger.
Vi er bestandig på vei, bestandig et stykke lenger,
alltid på vei mot menneskehetens seier eller nederlag.

Det haster, det haster idag!
Vær utålmodig, menneske! Sett dine egne spor!
Det gjelder vårt evige, korte liv.
Det gjelder vår jord.

Skreiv Inger Hagerup eingong

Når no Nordreisa vidaregåande skole er blitt miljøsertifisert så er det eit av dei mange små stega, ein av dei mange små kampane som står for å redde jorda vår. Kanskje er det banalt å handsame søpla på ein god måte – men søppelfyllingane slepp ut store mengdar metangass. Ein gass som er 27 gongar meir effektiv enn CO2 som drivhusgass. 8 prosent av drivhusgassane i Troms kjem frå gamle søppelfyllingar. I Nordreisa er avfallsdeponigass den tredje største utsleppskjelda for drivhusgass. Metangass, der har du noko som er virkeleg skremmande. Metangass får vi i søppelfyllingar når organisk materiale blir broten ned utan tilgang til oksygen. Men det er i alle fall ein plass til der det er store mengdar metangass som ventar på å bli slept laus. I tundraen i Canada og Russland er det enorme mengdar organisk materiale som er frosen. No er tundraen i ferd med å tine, permafrosten forsvinn. Når permafrosten forsvinn blir tundraen i all hovudsak til ei enorm myr. I denne myra vil det organiske avfallet bli broten ned utan tilgang til oksygen i store mengder når frosten forsvinn. Dette vil sleppe ut enormt med metangass som vil forsterke drivhuseffekten og vil føre til at meir av permafrosten forsvinn og at det kjem meir metangass. Ikkje akkurat ein positiv spiral.

Det nyttar å spare straum. Ei einsleg pære verkar så smålåten så lita der ho lyser, men tilsaman. Tilsaman kan vi spare straum tilsvarande fleire gasskraftverk i Noreg dersom vi ikkje lar pæra lyse i fred.

Ein miljøsertifiseringsprosess tar ikkje slutt den dagen sertifikatet er overlevert. Prosessen må halde fram kvar einaste dag. Vi må finne dei små stega i kvardagen som til saman blir det store løftet. Berre slik kan vi bidra meir enn med månelandingar på Mongstad og milliardar til regnskogen. Gode og viktige tiltak, men ikkje nok. Og vi må ikkje la oss blende av dei store tiltaka og tru det er nok. Vi må gjere noko her og no – vi må gjere noko.

Eg vil takke elevar og tilsette ved Nordreisa for den jobben som er gjort. Dokk er den første vidaregåande skolen i Troms som er miljøsertifisert.

Kva skal til for at ein skole skal bli miljøsetifisert. Det er ein omfattande prosess som grip inn på mange område. Miljø skal vere eit tema i skolen, i undervisning, i elevråd i leiinga og blant dei tilsette. Det er krav til arbeidsmiljø, energibruk, transport, avfall og estetikk.

Dokk kan vere stolte over å vere dei første i Troms. Vi håper å lære mykje av dokk, for i løpet av nokre få år skal alle dei 16 vidaregåande skolane i Troms gjennom denne prosessen.

Eg vil då be om at rektor og elevrådsleiar kjem fram hit og tar mot sertifikatet på vegne av skolen og dette maleriet som er fylkeskommunen sitt bidrag til den estetiske delen av miljøsertifiseringa.

Standard

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.