Kiting, drakar og miljø

Ein av dei tingane eg skal starte med, ein eller annan gong er kiting. Det verkar heilt vidunderleg å segle over vidder og hav hengande etter ein slik drake.

Kite skiing in Kuopio Finland 2005 Opplevelsen må vere fantastisk. Det er noko heilt spesielt med å komme seg fram med stor fart utan bruk av motor.

Stor var derfor gleda mi når eg oppdaga at også reiarlag har oppdaga denne gleda. Tekninsk Ukeblad melder om at store skip har starta med kiting eller drakedrift.

Denne type drakar som eit hjelpemiddel i framdrifta av store frakteskip kan redusere bruken av olje til motorane med 15 til 35 prosent. Større effektivitet i framdrift fører og til mindre utslepp av klimagassar og NOx. Drakane kan gje ei drakraft på frå åtte til 32 tonn. Målet er å lage drakar med ei trekkraft på 250 tonn. Det er denne typen oppslag som gleder hjartet til ein teknologioptimist, og eg gler meg vilt og uhemma til eg kan sjå hurtigruta kome seglande opp langs kysten. Kanskje kan vikingane sine drakeskip endeleg få ein renesanse. Skal vi løyse klimautfordringane har også drakar ein plass.

One Reply to “Kiting, drakar og miljø”

  1. Oppdatering, no meld Fiskeribladet om at den første fiskebåten har fått seg drake, http://fiskeribladetfiskaren.no/default.asp?side=… (og ja, dei vil ikkje ha lesarar, du må registrere deg og logge inn). No er det ikkje ein sjark akkurat, båten er 140 meter lang og ikkje av den typen båt SV i utgangspunket liker.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.