Skole,Troms og Tromsø,Vidaregåande

Kongsbakken 175 år

I går fylte Kongsbakken vidaregåande skole 175 år. Kongsbakken er ein av dei eldste utdanningsinstitusjonane i Nord-Noreg, og ein viktig institusjon. Her kan du sjå TV Tromsø sitt innslag frå feiringa, og les du vidare kan du lese delar av talen min.

Gratulerer med dagen!
Skolen er ein av dei aller viktigaste institusjonane i samfunnet vårt. Kanskje den aller viktigaste. Kongsbakken vidaregåande skole er eit eksempel på det. Skolen ligg på den beste tomta i byen, skuar utover passar på – og blir sett opp til. Slik skulle alle skolar vore – Katedralar – sentralt plasserte vakre bygningar som viser kor viktig skolen er for samfunnet. Dessverre er ikkje alle skolar slik som Kongsbakken.Kongsbakken er ein spesiell skole i Tromsø og i heile landsdelen. Men Kongsbakken er ikkje berre spesiell fordi han er ein katedral, fordi han ligg og voktar over byen. Nei, det er andre ting som gjer Kongsbakken og alle skolane våre spesielle. Det er det som er inni skolen. For ein skole er ikkje først og fremst skolebygninga, ein skole er ikkje betong, golvbelegg og klasserom. Ein skole er menneska som ferdast på golvbelegget, i klasseromma og mellom betongen.I 175 år har Kongsbakken vore ein god skole fordi dei som er på skolen har vore flinke, entusiastiske og motiverte. Ein god skole er ein skole med elevar som vil lære, lærarar som vil og kan undervise, med ei leiing som tar ansvar for utviklinga av skolen.

Både Kunnskapsministeren og Statsministeren har tatt initiativ til ein ny og open debatt om framtida til skolen. Grunnlaget for denne debatten er at ingen av oss er heilt nøgd med korleis den norske skolen er i dag. Den norske skolen har to store utfordringar- eller skal vi våge å kalle det problem? Det første er at skolen er med på å gjenskape og til dels forsterke skilnadene i samfunnet, det andre er at elevane ikkje har gode nok resultat når dei er ferdige i skolen.

La meg starte med ei åtvaring. Skal vi kunne løyse desse problema må ikkje dette bli ein debatt om klasserom eller ikkje slik vi har sett til no. Eg trur i liten grad at det er arkitektur som avgjer korleis skolen fungerer. Like lite som vi løyser utfordringane i skolen gjennom å utelukkande å ha klasserom, løyser vi problema med opne løysingar. Det vi treng er ein arkitektur som legg til rette for ei tilpass undervisning. Noko skal foregå i klasserom, noko i små grupper, noko i opne landskap og noko i auditorium. Vi må for all del ikkje låse oss til ein måte å tenkje på. Ein klasse er ikkje lik ein annan klasse, like lite som ein elev er like ein annan elev. For å kunne tilpasse undervisninga til kvar einskild elev sine føresetnader treng vi fleksibilitet. Vi treng lærarar med fagleg autoritet og tid til å finne dei gode løysingane for kvar elev.

Skolen har eit grunnoppdrag. Skolen skal gje elevane kunnskap og dannelse – gagns menneske heitte det før – som skal vere eit grunnlag for refleksjon og evne til å løyse dei utfordringane vi alle får når vi kjem ut i arbeidslivet. I Kina slit dei no stort med at få er kvalifiserte til å vere leiarar eller å gjere sjølvstendig arbeid. Mykje av skulda for dette får skolen der, som i stor grad fokuserer på kunnskap og ikkje refleksjon rundt kunnskap og evna til å bruke kunnskapen sjølvstendig. The Economist skriv: «The schools system still teaches by rote, producing people who foreign employers often say are inflexible, lacking in creativity and initiative.»

Det eg trur vi vil er at skolen må få konsentrere seg om grunnoppdraget. Skolen skal undervise elevane på ein slik måte at dei har den kunnskapen dei treng for å kunne vere kreative og sjølvstendige. For det som er heilt sikkert er at kreativitet og initiativ krev kunnskap. Og at kunnskap utan kreativitet og initiativ ikkje løyser framtidas utfordringar. Kanskje betyr det at vi må fri skolane frå mange av dei oppdraga skolen har i dag som ikkje er knytt til grunnoppdraget? I mange år har skolen blitt sett til å løyse dei problema vi har i samfunnet. Skolen skal vere oppdragar, skolen skal gjere at samfunnet ikkje går i sosial oppløysning, skolen skal ta ansvar for folkehelse, skolen skal forhindre seksulet overførbare sjukdomar, også vidare også vidare. Alle desse tinga er viktige, men er det skolen sitt ansvar? Eg trur kanskje vi har tenkt feil om korleis skolen skal løyse desse tilleggsoppdraga. Skolen må løyse desse oppdraga gjennom å gje elevane kunnskap slik at dei kan på sjølvstendig stilling desse utfordringane. Ein viktig del av skoledebatten framover blir ikkje korleis skolen kan løyse samfunnet sine problem, men korleis samfunnet kan bidra til at skolen betre kan løyse grunnoppdraget sitt. For det er berre gjennom å løyse grunnoppdraget at skolen kan slutte å skape skilnader i samfunnet. Det er berre gjennom å fokusere på grunnoppdraget at formidling av kunnskap kan vere i fokus.

Dersom samfunnet skal ta større ansvar for skolen så treng vi i større grad ein debatt om korleis skolen skal møte samfunnsutfordringane med kunnskap og refleksjon. Når 60 prosent av elevane i vidaregåande skole i Troms ikkje fullfører vidaregåande på normert tid, så er det sjølvsagt eit stort problem i og for skolen. Eit problem skolen skal og må løyse, men skolen kan ikkje løyse dette åleine. Skolen treng hjelp. Korfor er det slik at så mange ikkje ser skolen som så viktig at dei vil fullføre gjennom å bruke tid og energi på skolen. Korfor er det så mange som fell frå allereie i grunnskolen? Mykje av dette ha med skolen i seg sjølv å gjere, men mykje har sjølvsagt og med korleis skolen blir sett utanfrå. Kva endringar i forståinga av skolen må samfunnet gjennom for at skolen skal kunne utføre oppdraget sitt. Her er det ein vekselverknad mellom skole og samfunn som ikkje fungerer godt nok i dag.

Eg trur utfordringa sett frå skolen si side er at vi i for liten grad maktar å gje utfordringar og skape meistring for dei svakaste elevane og for dei mest ambisiøse elevane. I idretten seier det at toppane er viktige for å skape breidde. Mange speler fortball fordi dei ser opp til Ronaldo og Ronaldihno. Kva seier det om samfunnet vårt når det er idolvinnarane og ikkje nobelprisvinnarane som er heltane våre? Det er ei like stor utfordring å bli ein internasjonal toppforskar som å bli ein internasjonal toppatlet. Har samfunnet vårt tatt dette på alvor – har vi same opplegget rundt akademiske talent som vi har rundt skitalent? Eg trur ikkje det, og eg trur at skal vi få fleire toppforskarar i Noreg treng vi ikkje berre ein betre skole, vi treng ei endring i korleis samfunnet ser på akademiske prestasjonar.
[…]
I Troms har vi sett oss høge mål for skolen. Noko av det viktigaste er at også den vidaregåande skolen skal vere retta mot nordområda. Derfor opnar vi ein russisk – norsk skole i Murmansk til hausten, ein skole som faktisk vil vere ein del av Kongsbakken.

Denne skolen gjev dokk som skal starte i tredje klasse til hausten sjansen til å ta eit skoleår i Russland og samstundes gjennomføre vidaregåande skole på vanleg måte. I Murmansk (som Dagbladet fredag spådde som ein av dei 50 hottaste tinga i 2008) vil det bli mogleg å gå saman med russiske elevar og få vitnemål. Hovudfokuset blir på entreprenørskap, klima og nordområda. Det skal og vere eit samarbeid med Svalbard. Tenk deg den kunnskapen du vil kunne få om russisk næringsliv ved å starte ei ungdomsbedrift der, tenk deg å få brynt deg på russisk matteundervisning, tenk deg å lære språket og kulturen å kjenne. Det kan vere starten på ein flott karriere.

I 2008 startar vi ein byggeprosess på Kongsbakken som skal gje enno betre grunnlag for enno betre prestasjonar. Vi skal gje lærarane betre arbeidsforhold, vi skal gje kantineplass til alle og det skal bli plass til dans. Dette blir ikkje gratis, vi skal bruke minst 25 millionar på Kongsbakken i løpet av eit par år. Det er på tide vil mange seie, å ja, det er det. Eg er glad for at vi no er i gang. Dette er kanskje den viktigaste bursdagsgåva til skolen.

Men, skolen får sjølvsagt ei gåve til frå fylkeskommunen. Kongsbakken er ein kulturinstitusjon – og kultur er ein sentral del av dannelsesoppdraget til skolen. Eg har derfor med ei gåve som skal gå til kulturelle opplevelsar for elevane og kanskje lærarane. Eg har eit håp om at den skal kunne nyttast på ein måte som er med å oppfylle kompetansemåla i læreplanane. Eg har ikkje tatt med ein stor sjekk, men eg vurderte å ta med kontantar, men eg fann ut at Rektor Størkersen skulle slepp å gå med 50 000 på innerlomma og bekymre seg for å bli rana.

Eg har derfor med meg heller eit formelt vedtak om å bevilge pengane. Eg vil be om at elevrådsleiaren vil komme opp å ta mot bevilgninga, fordi eg vil at leiinga og elevrådet saman skal finne ut korleis pengane best kan brukast. Det skal ikkje eg legge meg opp i.

Værsågod – rektor får sitt brev i posten.

Men ein blomsterkvast skal han få ta imot på vegne av skolen. Gratulerer med skolen rektor – far vent med han også dei neste 175.

Standard

Tankar om “Kongsbakken 175 år

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.