Jan
08
2008
I går fylte Kongsbakken vidaregåande skole 175 år. Kongsbakken er ein av dei eldste utdanningsinstitusjonane i Nord-Noreg, og ein viktig institusjon. Her kan du sjå TV Tromsø sitt innslag frå feiringa, og les du vidare kan du lese delar av talen min. Continue Reading »
Del dette!
Jan
07
2008
Som den gode datanerden eg av og til er, har eg no gjort noko nytt. Eg har installert ei ny bloggprogramvare. Første gong eg har gjort noko slik. Artig å få det til. Dei gamle blogginnlegga mine finn du på blogg.skogholt.org, men eg håper å få flytta nokre av dei over hit snart. Skal og gjere eit forsøk på å gjere denne bloggen litt vakrare med tid.
Del dette!
Jan
04
2008
USA er eit rart land, og kjenslene mine rundt valet der er kanskje enno rarare. Eg sit og heier på Barrack Obama som ligg langt til høgre for meg politisk – han er ikkje eingong den av kandidatane som ligg lengst til venstre. Dersom vi måler etter norske tilhøve er det nok John Edwards som ligg lengst til venstre. Men han er heller ikkje akkurat nokon radikalar.
Obama har ein plan for helseforsikring som ikkje gjer det obligatorisk for alle, Edvards vil gjere det obligatorisk, men ingen av ytrar så mykje som tanken om at helse er eit offentleg ansvar. I Noreg meiner vel til og med Frp at helse er eit offentleg ansvar.
Likevel, det er artig at ein svart mann no eller ei kvinne har gode sjansar til å bli den neste presidenten i USA. Eg heiar trass alt på Obama, han har vore tydelegast på at krigen i Irak må ta slutt. Derfor gratulerer med sigeren i primærvalet i Iowa – the potato state.
På den andre sida, vi kan godt komme til å få ein republikansk president som er mest opptatt av abortspørsmålet. Mike Huckabee er ikkje ein mann eg vil sjå i presidentstolen.
Det er lenge til valet – vi skal nok bli lei det her i Noreg og.
Del dette!