Ja, det er ei kjempeutfordring å skaffe nok tannlegar, spesielt i distrikta, men også i Tromsø har vi hatt ein stor mangel lenge. Hovudproblemet er at vi i Noreg lenge har utdanna færre enn det har gått av med pensjon. No er det i ferd med å rette seg gjennom tannlegeutdanninga i Tromsø og aukande kapasitet i Bergen. Vi har jobba mykje med å rekruttere tannlegar frå utlandet og få dei framtidige tannlegane som blir utnytta i Tromsø til å jobbe hos oss. Eg håper og trur at dette skal vere med å løyse problema. Kanskje ikkje i morgon, men over tid