Årsmøte, Afghanistan og SV

I helga vart eg valt til ny leiar i Troms SV. Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva. Det er mykje ugjort, men og mykje godt gjort. Det første spørsmålet eg fekk som ny leiar i Troms SV var om eg kunne kommentere oppslaget i Dagbladet om eit SV i krise. Kanskje ikkje det eg hadde mest lyst til å snakke om. Eg hadde mykje meir lyst til å prate om all den gode politikken vi vedtok på årsmøtet. Følgjer du med på Troms SV sine nettsider får du med deg det meste.

Men til saka: Er SV i krise? Svaret er nei. Partiet står framfor store utfordringar, og vi kan definitivt bli betre på marknadsføring. Det er ikkje god marknadsføring at partiet framstår splitta og usamd med seg sjølv. Samstundes ville det vore heilt uverkeleg om vi ikkje skulle diskutert krigen i Afghanistan. Noreg er i krig der, for første gong på 60 år. Burde ikkje den deltakinga hatt ein kjempestor plass i den offentlege debatten? Eg synst det. Så får det heller våge seg då, at det at SV maktar å løfte den debatten fram får konsekvensar på meiningsmålinga. Saka er for viktig til å bli styrt av meiningsmålingar.

Forøvrig er det ei myte at vi er så usamde om denne saka i SV. Eg trur dei aller aller fleste er samde om at den NATOleia offensive krigen i Afghanistan gjer at situasjonen der blir verre – ikkje betre. I SV er vi samde om at dei norske soldatane bør ut om ikkje noko skjer med strategien til NATO. Så er det slik at vi sit i ei regjering med eit kompromiss som gjer at statsrådane våre ikkje kan bruke så store ord som dei skulle ønska. Dessverre er det mange i partiet som ikkje maktar å forstå dette. Der har vi konflikta. Kanskje er det største problemet i SV er at vi enno ikkje har akseptert at så lenge vi sit i regjeringa er det grenser for kva ho Kristin kan seie. Før vi alle skjønner det blir det nok ikkje god marknadsføring på oss.

Årsmøtet i Troms SV vedtok dette om Afghanistan:

Afghanistan-politikken må endres!

Situasjonen i Afghanistan går fra vondt til verre. Kamphandlingene øker i intensitet, uskyldige sivile drepes og opiumsproduksjonen øker. Troms SV krever at den rødgrønne regjeringen:

  • Arbeider innad i NATO for at USAs egenoperasjon ”Enduring Freedom” avvikles snarest.
  • Arbeider for en sterk økning i den humanitære bistanden og den sivile gjenoppbyningen av Afghanistan.
  • Arbeider for en sterkere samordning innad mellom ISAF-landene, både hva gjelder militær og sivil innsats.
  • Arbeider for at FN overtar styringen av ISAF, og at muslimske land og ikke-NATO-medlemsland skal spille en større rolle innad i ISAF.

———————————-

Les og Audun sitt siste innlegg på bloggen

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.