Miljø,Olje,Politikk

Vil meir pengar hjelpe?

Norwegian_bills.jpg

I nesten alle samanhengar der vi har eit problem i samfunnet blir det ropt på meir pengar. Anten det gjeld skole, vegar eller sjukehus. Og, det er ingen tvil om at pengar kan hjelpe. Då kan det kanskje vere verd å spørre, dersom pengar er med på å løyse problema og vi veit at Noreg har mykje av dei, korfor brukar vi då ikkje meir pengar?

Grunnen er enkel og vanskeleg. A. O. Vinja skal ha sagt ein gong at pengar er storkna mannesveitte. Det har Vinje heilt rett i. Pengar blir skapt gjennom arbeid, og poenget med pengar er å kunne kjøpe seg arbeid, anten det er vegarbeid, lærararbeid eller omsorgsarbeid. Utfordringa i Noreg i dag er at det ikkje er arbeid å få kjøpt. Arbeidsløysa er heldigvis så låg at vi ikkje har ein stor arbeidskraftreserve å ta av. Noko er det sjølvsagt å hente frå dei som jobbar deltid, og kanskje frå nokre av dei som er på trygd. Så mange blir det likevel ikkje – sjølv om omsorgsektoren nok kunne fått seg eit løft.

Men i hovudsak så betyr dette at om vi vil ha meir arbeid gjort på eitt område må vi anten flytte arbeidskraft frå eit område til eit anna, eller så må vi importere arbeid eller arbeidskraft.

Kva betyr dette. Jau, det betyr at alle pengane våre ikkje er verd noko om det ikkje finst arbeidskraft å få kjøpt. Dersom vi vil byggje vegar, då må nokon byggje desse vegane. Kor skal desse komme frå? Vi kan anten auke løna til dei som byggjer vegar, då vil kanskje dei som arbeider i industrien eller i eldreomsorgen heller byggje veg. Men, kan vi tillate det, eller må vi då auke løna i eldreomsorgen og industrien for å halde folk der? Det er dette som er press i økonomien. Auka løner, leiar til auka prisar som igjen fører til krav om auka løner.

Det einaste alternativet om vi vil bruke meir pengar er då å hente arbeidskraft frå andre stader. Innvandring er ikkje noko problem å få til. Dessverre er Noreg alt for vanskeleg å komme til. Den største utfordringa er å finne innvandrarar som kan byggje vegar, vere lærarar eller som kan gjere ein god jobb i eldreomsorgen.

Eg meiner at vi kan trekke minst to konklusjonar av dette. Noreg bør i større grad opne grensene, spesielt for dei som ikkje kjem frå EØS-området. Det kan hjelpe flyktningar frå krig, fordrivne frå heimane sine og dei kan, om vi gjer ting rett når vi tar imot dei, hjelpe oss. Den andre konklusjonen er at vi kan sette ned tempoet i utbygging og utvinning av olje og gass kraftig. Vi treng ikkje pengane. Det må vere betre å spare olje og gass på havsens botn enn å plassere pengane på børsar. Olja og gassen forsvinn i det minste ikkje med det første. At det er miljøvenleg er jo og ein bonus.

Standard

Tankar om “Vil meir pengar hjelpe?

  1. Arnfinn Norheim says:

    Ja da jeg kan godt forstå at eksportbedriftene trenger støtte da utenlandsk økonomi rammes tydeligvis hardere en det vi gjør her i landet. Når kjøpekraften avtar trenger eksportindustrien hjelp, det forstår alle. Men det har da ingen ting med norsk veibygging og annen infrastruktur å gjøre. Her kunne vi ha gjort mye mer for lenge siden.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.