Helse, Økonomi

Derfor må skatten opp

Dessverre er det slik at sakte, men sikkert må skattenivået i Noreg og alle andre industrialiserte land bevege seg oppover. I alle fall er det slik om vi ønsker at velferdsnivået skal halde seg på omtrent same nivå som i dag. Korfor spør du kanskje, jo eg skal prøve å svare.

Det er ein stor skilnad mellom det meste av offentleg produksjon og det meste av privat produksjon. Den eine store skilnaden er at over tid vil tilførsel av kompetanse og kapital auke produktiviteten i privat sektor, meir enn i offentleg sektor. Det handlar ikkje om at offentleg sektor er mindre effektiv, men det handlar om kva som blir produsert.

Før eg går vidare vil eg berre nemne at det som kjem no er arketypisk, det vil vere unnatak, og eg meiner at effektiviseringspotensialet i offentleg sektor er høgt. Då var det sagt, så er kanskej sjansen for å bli misforstått redusert litt.

La oss samanlikne ein bilfabrikk med ein skole. Dersom du tilfører ein bilfabrikk meir kapital og kompetanse vil produksjonen auke. Nye maskinar vil gjere at det blir produsert fleire bilar for kvar som jobbar i fabrikken. Kanskje produserte fabrikken to bilar per tilsett i 1980, idag produserer fabrikken 100 bilar per tilsett (desse tala er fiktive og har ingen ting med røyndomen å gjere med mindre eg har usannsynleg flaks, men dei vil illustrere poenget mitt). I denne fabrikken har altså produktiviteten gått opp. Alle er nøgde, kapitaleigarane får større profitt og forhåpentlegvis har arbeidarane fått høgare løn. I skolen har det ikkje skjedd noko tilsvarande. I 1980 utdanna kvar lærar 15 elevar. Fram til i dag har vi tilført kunnskap og kapital i skolen, men framleis vil kvar lærar berre utdanne 15, eller kanskje 16 elevar. Ikkje fordi læraren ikkje er effektiv, men fordi skolen (som sjukeheimar ol.) ikkje kan bli erstatta av teknologi. Eleven treng ein person som rettleiar og førebilete.

Dersom då læraren (som får løna si frå det offentlege – altså frå skatten) skal ha same lønsutvikling som dei som arbeider i bilfabrikken må altså dei som eig fabrikken og dei som arbeider i fabrikken betale meir i skatt no enn dei gjorde i 1980. Både kapitaleigaren og fabrikkarbeidaren vil likevel sitte igjen med mykje meir i dag enn i 1980. Dette synst eg er greitt å forstå. Dersom vi skal ha gode skolar og gode sjukeheimar (bransjar der produktiviteten ikkje kan aukast kraftig gjennom innsprøyting av kapital) må dei bransjene der produtivitetsveksten er stor betale meir.

Då blir det interessant å sjå, korleis har utviklinga i skattenivået i Noreg vore mellom 1980 og i dag? Eg har ikkje funne tal heilt tilbake til 1980, men i 1992 var det offentlege sin andel av fastlands BNP (i følgje NHO ) 61,4% i 2004 var dette redusert til 57,7%. I følgje finansdepartementet har skatteandelen vore omtrent den same i heile perioden frå 1980 til 1997. Det offentlege har ikkje fått den auka inntekta som trengst for å halde oppe kvaliteten på velferdstenestene.

I den same perioden har skolane blitt nedslitte, det har vore konstant krise i helse- og omsorgssektoren og vegane er blitt nedslitte. Tilfeldig? Neppe! Offentleg sektor er rett og slett underfinansiert.

Oppdatering 24.08.08

Skattedebatten har starta, sjå VG og Dagbladet

Standard

6 thoughts on “Derfor må skatten opp

  1. Pingback: Eit stykkje av verda » Det verste med å vere politikar

  2. Pingback: SVs arbeidsprogram 2009 til 2013

  3. Kan det også ha noe med at staten stadig påtar seg flere oppgaver, og stjeler "markedet" fre de private? hvor blir det av det sivile samfunn, organissasjoner etc som før gjorde en viktig jobb, og som nå er presset ut i mørket?

    • Tja, eg har vel ikkje oppfatta at det offentlege har påtatt seg mange nye oppgåver i det siste, kanskje med unntak av barnehagesektoren. Har du tal eller liknande som indikerer at slikt har skjedd?

  4. Pingback: Skatt og fellesskap | Eit stykkje av verda

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.