Olje,Sosialisme

Store forskjeller på folk

I går la SSB ut nok ein av mange spanande statistikkar. Denne gongen handlar det om fordelinga av rikdomen og inntekta i landet. Statistikken viser at det er svært stor skilnad mellom fylka i landet. I følgje denne statistikken er BNP per innbyggjar i Oslo 600 959 kroner, medan det i Nord-Trøndelag er 217 471 kroner. Kan det verkeleg vere sånn att innbyggjarane i Oslo er tre gonger meir effektive enn innbyggjarane i Nord-Trøndelag? Eg tviler.

Det denne statistikken viser er at Noreg er eit svært sentralisert land. Der resultata av arbeid i resten av landet blir inntektsført i Oslo. Den største verdiskapinga i landet (i alle fall slik det blir rekna i BNP) skjer innafor olje og gass. Då kan det ikkje vere rett at BNP per innbyggjar er dobbelt så høgt i Oslo som i Rogaland. Dette viser at vi som bur utanfor Oslo alt for lenge har akseptert å stå med hovudet i olja og fisken, medan profitten har hamna andre stader. Dette gjev seg og utslag i lønningar og disponibel inntekt for folk. Den disponible inntekta per innbyggjar i Oslo er 243 752 kroner, medan inntekta i Sogn og Fjordane er 161 849 kroner. Sjølv om det er store skilnader innad i Oslo viser dette tydeleg at den regionale dimmensjone får alt for liten plass i norsk politikk.

Dette landet treng ein politikk for å redusere skilnader mellom klasser, men i like stor grad for å utlikne skilnadene mellom fylka i landet. Kanskje på tide at vi tar til å prate om distriktspolitikk igjen i dette landet vårt?

Standard

Tankar om “Store forskjeller på folk

  1. Erling says:

    Heilt rett, det du skriv i denne kommentaren. Det er latterleg korleis Oslo-området får dominere her i landet. Det gjeld både økonomisk, slik du gjer greie for i kommentaren, men òg kulturelt.

    Fire femdelar av folket bur utanom Oslo-området, men i «riksmedia» verkar det som om det er andre vegen. Kor lenge skal vi vestlendingar, døler, trønderar og nordlendingar finne oss i dette?

    TV-kanalane gjer tala bokmål til det normale, medan dei fleste av oss framleis har ein norsk dialekt. Vi må krevje betre geografisk fordeling, både økonomisk og i riksmedia.

    Det er i distrikta verdiskapinga skjer. Det er i distrikta norske dialektar enno lever. Vi som bur i distrikta må krevje større råderett over ressursar som er skapte her i distrikta, og vi må krevje respekt og representasjon for kulturen vår og talemålet vårt.

    Vi må òg krevje rettferd for det nynorske skriftmålet, det sterkaste opprøret mot oslodominansen som finst. Korfor skal vi bruke eit skriftspråk som har opphav i dansk og i dag representerer talemålet i overklassen i Oslo?

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.