Eg er heilt samd med deg Viktor. Kanskje er konklusjonen vi kan semjast om at det er betre med arbeid enn trygd, men mykje betre med trygd enn med sosialhjelp. Eg prøvde på ingen måte å seie at vi ikkje har fattigdom i Noreg. Det har vi og det må vi arbeide med på mange frontar. Eg trur noko av det aller viktigaste er å få gjenreist den sosiale bustadbygginga i dette landet slik at folk ikkje bur seg i hel.