Cominor

Smatt litt på ordet Cominor. Kva tenkjer du på, ein ny sjampo, eller treningsdrikk? Ikkje veit eg, men det er altså namnet på det nye busselskapet her i nord. 1. september blir TIRB, Tromsbuss og Ofotens bilruter slått saman.

Ein kan seie mykje om namnet, men comi (sk) i nord kan det fort bli. Korfor dei insisterer på å bruke C når første del av ordet skal stå for kommunikasjon kan ein jo spørre selskapet om, vidare kunne eg hatt lyst til å spørre om korfor dei ikkje kan skrive nord med D, men forlanger å feilstave.

Den største utfordringa er likevel at dette gjer det vanskelegare for fylket og kommunen å kunne kjøpe attende Tromsbuss til offentleg eigarskap. Eg er og redd for at dette legg til rette for at bussdelen av Hurtigruten gruop blir enklare å selje til andre. Det er ikkje usannsynleg med dei underskota Hurtigruten har. Det er trist om desse selskapa skulle bli selt ut av landsdelen.

3 Replies to “Cominor”

  1. Kva er eigentleg Cominor?

    Det er namnet på eit fransk gruveselskap som mellom anna driv gullgruver i Afrika. Selskapet Cominor (forkorting av «Compagnie Miniere d’Or») er eigd av Areva NC (tidlegare Cogema), ein av verdas største produsentar av uran.

    Cominor nyttast også som forkorting av «Complexe Minier du Nord», eg veit ikkje om det er same selskap som berre har fått nytt namn. Sjå http://www.britannica.com/eb/article-55008/Mauritania#516808.hook

    Formålet med namnet på bussamskipnaden Cominor er mellom anna at «Det skulle symbolisere virksomhetens art og være lett å forstå i hvert fall for engelsktalende kunder. Og om mulig også ha en miljøprofil.» (Styret sitt krav til nytt namn – sitat frå Nye Troms.)

    Det skulle vore spennande å høyre dei 40-50 namneforslaga som blei forkasta, adm.dir. Martin Eliassen sa at det var en krevjande prosess å finne det beste namnet.

    Så får me berre håpa at miljøprofilen vert tydeleg, og at dei engelsktalande kundane ikkje knyt namnet saman med eit gruveselskap og ein uranprodusent.

    Kjelder:
    http://www.nye-troms.no/nyhet.cfm?nyhetid=3845
    http://www.fremover.no/lokale_nyheter/article3518669.ece
    http://lijag.blogspot.com/
    http://www.wise-uranium.org/uccog.html
    http://www.miningreview.com, sjå http://tinyurl.com/6kv9xe
    http://www.anawa.org.au/industry/cogema.html

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.