Nei, eg snakkar ikkje om klimaendringar denne gongen. Det kunne eg nok gjort. Nordvestpassajen er open igjen i år og isen er tynnare enn nokon gong. Men, nei, denne gongen handlar det om det internasjonale landnåmet (sjøbotnnåmet) som foregår der.
Havrettstraktaten gjev landa rundt polbassenget ein frist fram til 2014, eller tidlegare om dei ratifiserte traktaten før 2004, til å fremme krav om kontroll over kontinetalsokkelen. Det betyr at vi no framover får ei mengde krav. Noreg har allereie lagt fram sitt krav, Russland, Canada og Danmark (Grønnland) er på veg. Det er usikkert korleis USA vil gå fram, dei har ikkje ratifisert Havrettstraktaten slik dei andre landa har gjort.
Det er ingen tvil om at fleire av krava vil overlappe kvarandre. Heilt sikkert er det at meir enn eitt land vil gjere krav på sjølve polen. Når isen no er i ferd med å bli borte, samstundes med at US Geological Service hevdar at det er store forekomstar av olje og gass i området, så ligg det til rette for kappløp og konflikt. Vi må berre håpe at desse konliktane ikkje eskalerer til væpna konflikt. Dose.ca skriv:
In the latest sign of the rising international political stakes in the Arctic, the top U.S. Coast Guard official has revealed a planned shift in American foreign policy from scientific research to «sovereignty» and «security presence» in Alaskan waters bordering Canadian and Russian
vidare
«The primary mission right now is the maritime boundary line with Russia – keeping foreigners from stealing Alaskan fish,» Rear Admiral. Gene Brooks, head of the U.S. Coast Guard’s operations in Alaska, told the radio network.
og
…prompted the Conservative government to promise a new year-round icebreaker for Arctic waters and a fleet of up to eight ice-reinforced patrol boats.
Vi skal likevel vere forsiktige med å sjå på desse konfliktane som noko som vil foregå mellom aust og vest. Kaldkrigsbrillane må leggast heime. Potensialet for usemje er like stort mellom Canada og USA, Canada og Danmark som konfliktpotensialet mellom Russland og dei andre.
Likevel, the Telegraph skriv at:
As the polar powers have got out their maps in the last couple of years, four of them – Norway, Denmark, Canada, and the USA – have made the unpleasant discovery that the fifth – Russia – is far ahead of the game. As Russian forces consolidate their grip on her messy southern frontier in the aftermath of the war with Georgia, her diplomats, oilmen and military have been pressing their advantage in the north, a border region which is on a far vaster scale but equally confused and disputed.
Cleo Paskal, an Assistant Fellow at Chatham House and an expert on how climate change will affect borders, said: «The Russians have a big head start. Their nuclear submarines have been all over the Arctic for decades, they have 16 icebreaking ships to the Americans» four, they have a lot of experience and a lot of the right gear.
Så, mens alle landa oppgraderer millitæret sitt i nordområdeøyemed, så får vi berre håpe at dei metodane som ligg i Havrettstraktaten for å handtere konfliktar og løyse dei vil vise seg å vere robuste nok til å handtere denne situasjonen.
Visste du at antarktis blir kaldere ?
Jepp, har lest ulikt om dette. Det vui veit ut frå klimamodellane er at endringane slår svært ulikt ut i ulike delar av verda. Det forskarane og seier er at vio no er inne i ein kald periode (som ville vore mykje kaldare utan klimagassane) og at endringane vil skyte fart for denne korte perioden er over (rundt 2020 om eg minnest rett)