Betre å spare på botn av havet?

Verda er inne i ei stor finanskrise. Verdiane av aksjer og obligasjonar er i fritt fall. Med det fell og verdien av det norske oljefondet. Då er det verd å spørre seg; ville det ikkje vore betre å spare olja på botn av havet enn i aksjar? Dette har SV hevda i mange år. Eit døme kan vere B.innst.S.nr.8 (1996-1997). Der skreiv SV sin representant: «Etter dette medlems oppfatning vil det være samfunnsøkonomisk mest korrekt å spare ved å la større deler av vår olje- og gassformue ligge igjen til framtidige generasjoner.»

Treng vi dette når vi ikkje treng pengane?

Treng vi dette når vi ikkje treng pengane?

Det er no pÃ¥ tide at vi tar lærdom av det som skjer pÃ¥ børsane i verda og sparer olja og gassen – ikkje som pengar, aksjer og obligasjonar, men som hydrokarbonar pÃ¥ botn av havet. Der ligg ressursane trygt. Det er lenge sidan det var krakk i Nordsjøen eller Barentshavet.

Det som i alle fall no er heilt tydeleg er at det ikkje hastar med å pumpe opp eventuell olje og gass utanfor kysten av Nord-Noreg. Det kan kanskje komme ei tid når dette er lurt, den tida er ikkje no. La oss nytte lærdomane frå finanskrisa til å varig verne havet utanfor Lofoten, Vesterålen og Troms mot oljeutvinning og bremse kraftig opp i Barentshavet. Goliat treng vi ikkje bygge ut no, Nucula kan godt vente!

SV meiner at vi må satse aktivt på å bygge opp andre næringar og auke lønsemda i tradisjonelle næringar som fiske og havbruk. Då bygger vi framtida utan å gjere oss avhengige av å øydelegge miljøet eller børsprisane i New York.

Du må gjerne bli medlem i SV for å styrke oss i kampen mot oljeutvinning

Eg har tidlegare skrive eit innlegg som heiter “Treng vi olja”. Ta ein titt dÃ¥ vel.

Del på FaceBookPost to MySpace!Gi Kudos til denne saken! Send til Klikkbart

2 Responses to “Betre Ã¥ spare pÃ¥ botn av havet?”

  1. Veldig enig da.

  2. [...] pengane i dette landet, eller fordi det var mangel på energi i verda. Slik er det ikkje. For å sitere meg sjølv: Det er no på tide at vi tar lærdom av det som skjer på børsane i verda og sparer olja og [...]

Leave a Reply

CommentLuv Enabled
« Back to text comment