I dag er eg nok ein gong stolt over partiet mitt. Det gjer godt at SV ikkje vart med på denne innstramminga. (Sjå og SV si eiga pressemelding her)Det er ei innstramming som vanskeleg kan sjåast på som noko anna enn eit forsøk på å vinne tilbake røyster frå Frp. Eg trur det vil vere mislukka. Derimot vil det lukkast i å gjere tilvereret vanskelegare for mange menneske.
No skal vi ikkje sjå bort frå at reine økonomiske betraktningar og har vore viktige i diskusjonen. Det er i så fall trist. Eg er likevel godt nøgd med at ungdomane i Arbeidarpartiet i alle fall ikkje har gått seg vill i Frp-koden.
Eg vil ellers nytte høvet til å seie meg usamd med Stian Oen som skriv:
Samstundes er det vanskeleg – ja, eigentleg umogeleg – å sjå dissensen frå SV annleis enn at det var greitt for SV å gå med på at det vert bygd forureinande gasskraftverk og sendt spesialsoldatar i Afghanistan. Men ved innstramming av asylpolitikken er altså grensa no nådd.
Det må då vere råd å ikkje kople alt galt som har skjedd saman i ein saus? Meiner Oenat vi skal ta dissens på alt som er galt? Då hadde det blitt lite av god ekompromiss som er med på å gjere landet og verda betre. La oss no ikkje i dag la det beste bli det godes fiende.
Godt jobba Kristin. Dersom du er samd, meld deg inn i SV her.
Eg heiter Pål Julius Skogholt er blitt 40 år. Eg har tre barn, nummer to tok til på skolen i haust. Eg kjem opprinneleg frå Lofoten, men har tapt hjarte mitt til Tromsø og ei vakker kvinne frå byen. Der er det kanskje ein samanheng? 