I løpet av den siste tida har det vore to naturkatastrofar. Ein storm har treft New Orleans, og India er utsett for flom. I Louisiana er to millionar folk evakuerte, ingen døde. Det meste har gått for seg i ordna former. I India er tre millionar menneskar heimlause, og det er umuleg å komme fram med naudhjelp til mange. Det er ingen tvil om at det er store konsekvensar begge stader, men heller liten tvil om at situasjonen er betydeleg meir alvorleg i Bihar enn i Louisiana.
Eg synst det er litt interessant å sjå kor ulik dekninga av dei to hendingane er i norske media. Eg har gjort fire enkle søk på google.
site:www.dagbladet.no bihar flom 5 treff
site:www.dagbladet.no «new orleans» gustav storm 251 treff
site:www.vg.no bihar flom 17 treff
site:www.vg.no «new orleans» gustav storm 4180 treff
Dette er på ingen måte ein vitskapleg studie, men gjev eit lite bilete av situasjoen. No skjønner sjølvsagt eg og at det som skjer i USA, spesielt i etterkant av «Katrina» er meir spennande enn det som skjer i India. Det er artig med problema til den republikanske kongressen, valet og alt det der.
Likevel er USA 245 gonger viktigare enn India, eg berre spør?
Eg heiter Pål Julius Skogholt er blitt 40 år. Eg har tre barn, nummer to tok til på skolen i haust. Eg kjem opprinneleg frå Lofoten, men har tapt hjarte mitt til Tromsø og ei vakker kvinne frå byen. Der er det kanskje ein samanheng? 