Feature,Klima,Kollektivtrafikk,Miljø,SV

SVs arbeidsprogram: Klima og miljø

Kapittelet om klima og miljø er det første kapittelet i forslaget til nytt arbeidsprogram i SV. Det er bevisst plassert først for å vise at dette er det viktigaste politiske temaet i vår tid. Eg trur og det er rett å seie at dette er eit av dei sterkaste og mest gjennomarbeidde kapittelet i programforslaget. Det eg kanskje er mest glad for at at heile kapittelet er prega av teknologioptimisme. Det har ikkje alltid vore tilfellet for SV. Til tider har vi nok likna litt på ludittane. Det er no over.

I dette programutkastet set SV seg svært høge mål for arbeidet med klimapolitikken. Komiteen skriv i forslaget sitt:

I tråd med dette mener SV at Norges utslipp av klimagasser må reduseres til maksimalt 30 millioner
tonn CO2-ekvivalenter innen 2020, noe som tilsvarer en 40 prosent reduksjon fra 1990-nivå.
Innen 2050 må Norge ha tilnærmet nullutslipp av klimagasser. I tillegg til disse nasjonale forpliktelsene, må Norge bidra internasjonalt med finansiering, teknologioverføring og mobiliserings- og informasjonsarbeid som reduserer klimagassutslippene i utviklingsland.

Dette meiner eg er gode og naudsynte mål.

Komiteen kjem med gode famlegg for korleis vi skal nå desse måla. Dei meiner, og eg er heilt samd, at Noreg må sette av mellom ein komma fem og tre prosent av BNI til klimaformål, og at Noreg og må bidra overfor u-land. Mellom anna vil dei sette av 100 mrd av oljefondet til eit internasjonalt teknologifond for å bidra til å redusere utsleppa. God ide.

Teknologioptimisme

Isbjørnane ropar på hjelp frå SV for å berge klimaet. Foto: Grant Neufeld, Flickr

Isbjørnane ropar på hjelp frå SV for å berge klimaet. Foto: Grant Neufeld, Flickr

Som eg skreiv i ingressen er dette eit teknologioptimistisk program. Dei vil at SV skal gå inn for å produsere meir energi og bruke denne i produksjon i Noreg. Det må vi, for vi treng tål og aluminium i framtida, sjølv om CO2 utsleppa skal ned. Eit spennande punkt er at vi no vil at heimfall skal gjelde også for ny fornybar energi, for eksempel vindmøller. Og det er jo ingen grunn til at vinden skal regulerast på annan måte enn vatn. Dette vilsikre verdien av norske ressursar for heile folket for all framtid.

Komiteen skriv om Arktis:

Norge bør arbeide aktivt for å sikre naturmiljøet i Arktis og sørge for at Arktis får en like god miljøbeskyttelse som områdene i Antarktis. Dette kan skje gjennom en internasjonal traktat som Antarktistraktaten og/eller ved å bygge på prinsippene i Svalbardmiljøloven

Eg synst dette er ein god ide, men er redd for at det ikkje kan bli noko anna enn ein god ide. Det som gjorde antarktisktraktaten muleg var at det ikkje var etablerte interesser til stades. Ingen (i alle fall ingen av stormaktane) hadde sterke millitærstrategiske eller økonomiske interessar der. Det er ikkje tilfelle i Arktis for å seie det forsiktig. Kanskje kan det likevel vere rett å sette seg slike mål og håpe på at ein kjem ein bit av vegen. Men, eg trur nok det lønner seg å ver elitt meir realistisk.

Programutkastet seier sjølvsagt nei til oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen, og går inn for varig vern. Eg synst nok at vi bør inkludere områda utanfor Senja i dette vernet. I same leie synst eg og vi kunne sett tøffare krav til StatoilHydro når det gjeld Snøhvit. Dei spyr ut nesten ein million tonn CO2 der, samstundes som dei har infrastruktur for å føre CO2 tilbake til havbotn. Vi må gå inn for rensing der.

Jernbane

Den neste store mangelen er at prgramutkastet ikkje seier noko om å binde heile landet saman med jernbane. Det må då kunne seiast i klartekst at Tromsbanen og banen Kirkenes til Nikkel skal om ikkje byggast i løpet av dei neste fire åra så må det takast ei beslutning og planlegginga må komme i gang.

Kapittelet inneheld og ein dissens. Ein dissens eg er litt i tvil om kva eg meiner om. Fleirtalet i komiteen går inn for å forsøke gratis kollektivtrafikk. Eit mindretal vil ikkje det. Eg har sjølvsagt sans for ting som er gratis, men det fører og ofte til overforbruk og kanskje kunne pengane vore nytta betre? Kanskje vil det og føre til at ein lokkar gåande og syklande inn på bussen, og det vil vi vel ikkje. Eg trur eg meiner at låge prisar er bra, men at gratis er å gå hakket for lang. Likevel det kan vere verd eit forsøk på bestemte strekningar til bestemte tider. Vanskeleg å lage eit prinsipp ut av det eine eller det andre er det i alle fall.

Kapittelet inneheld eller mykje god og tradisjonell SV politikk rundt naturvern og ein miljøvennleg kvardag. Eg synst likevel det er interessant at komiteen skriv at:

SV arbeider for en tredje vei i vernepolitikken, der lokal medvirkning og samspill mellom verneinteresser og næringsinteresser resulterer i bærekraftig bruk.

Eg tenkjer då på saka med Trillemarka der regjeringa overkøyrte gode lokale initiativ for å få verna nokre kvadratmeter ekstra. La oss håpe det blir meir samsvar mellom liv og lære i framtida.

Meis om SVs arbeidsprogram her

Standard

Tankar om “SVs arbeidsprogram: Klima og miljø

  1. Pingback: EU og arktis

  2. Pingback: SVs arbeidsprogram: En framtidsrettet næringspolitikk

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.