Skizofreni hos DN og IEA?

Dagens Næringsliv på torsdag 13. november hadde eit fantastisk oppslag over to sider. Oppslaget inneheld to artiklar på desse to sidene. Den eine artikkelen handlar om at IEA (International Energy Agency) advarer mot eit klimaragnarokk. Den andre artikkelen handlar om at IEA advarer mot at verda er i ferd med å sleppe opp for olje – i alle fall er det ikkje plass til vekst. Ille det og vistnok. Fleire enn eg som ser motsetnadene mellom dei to oppslaga?

Dagens Næringsliv og IEA kan ikkje heilt bli samde om kva som er verst, klimaendringar eller lite olje
Dagens Næringsliv og IEA kan ikkje heilt bli samde om kva som er verst, klimaendringar eller lite olje

To sitat kan kanskje illustrere dette på ein god måte. I den første artikkelen står det:

«Verden er på full fart mot ragnarokk uten en gigantisk og svært kostbar energirevolusjon advarer Det internasjonale energibyrået.»

I den andre artikkelen, som er ein kommentar av Terje Erikstad står det skrive:

«For det andre er det et enormt behov for å produsere ny olje for å erstatte dagens produksjon. … IEA er derfor svært bekymret for at det ikke bli investert nok tilstrekkelig raskt [i oljeproduksjon]»

Eg ville trudd, men eg er kanskje naiv, at ein fallande oljeproduksjon ville vore bra om ein var bekymra for klimaendringane. Det ser ikkje ut til å vere slik. I følgje DN er IEA opptatt av ny teknologi. Kanskje lite og dyr olje er det som skal til for å få fart på ny teknologi, og ikkje minst at vi tar dene i bruk. IEA er opptatt av karbonfangst som ein viktig teknologi. Lat oss då håpe at månelandinga til Noreg faktisk ville komme trygt fram og at teknologien vil bli tatt i bruk.

Eit samandrag av rapporten frå IEA, World Energy Outlook 2008, kan du lese her.

3 Replies to “Skizofreni hos DN og IEA?”

  1. Karbonfangst er en DÅRLIG ide i utgangspunktet og blir ikke noe bedre ettersom tiden går. Man burde ha startet utfasingen av den oljebaserte økonomien for lengst. Ny teknologi kan ikke løse dette, bare en helt ny tilnærning til alt.

    Energibehovet må ned, kraftig, langt mer enn de felste våger å hevde.

    Artiklene du heviser til er et godt eksempel på personlighetspaltingen som hersker i dagens verden.

  2. Liv Marie Austrem sa:

    Eg les bloggen din med stor interesse for tida – syns den er blitt veldig levande og spennande. Gratulerer!

  3. Tilbakeping: EU og arktis

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.