No skjer det nok noko med piratverksemda

Eg er villig til å vedde ein pen liten sum på at det internasjonale samfunnet (les USA og kanskje den fredselskande Obama) vil for alvor ta i bruk millitære middel for å «løyse» piratproblema utanfor Somalia. Sannsynlegvis utan å gjere noko med dei underliggande problema, som eg har skrive litt om før.

Korleis kan eg vere så sikker på det, spør du kanskje, med store undrande augo? Jo, for no handlar det ikkje berre om franske superyachtar, men om livsens blod – olje.

Sjansen er store for at vi får fleire bilete av brenande piratskip ganske snart. Her eit piratskip i brann utanfor Somalia. Foto: Wikipedia/http://commons.wikimedia.org/wiki/Image:Somalia_battle.jpg
Sjansen er store for at vi får fleire bilete av brenande piratskip ganske snart. Her eit piratskip i brann utanfor Somalia. Foto: Wikipedia/http://commons.wikimedia.org/wiki/Image:Somalia_battle.jpg

Die Frankfurter Algemeine (FAZ) rapporterer at piratane no har tatt ein supertankar. Skipet er meir enn 330 meter langt og lasta er verd 100 millionar dollar.  FAZ siterer den sjefen for den amerikanske generalstaben:

Selbst der Generalstabschef der amerikanischen Armee, Michael Mullen, zeigte sich beeindruckt: Die Piraten, sagte der Admiral, seien „taktisch wirklich sehr gut“. Die somalischen Piraten bedrohen nunmehr einen der wichtigsten Schiffswege für die Versorgung Europas und Amerikas mit Rohöl: die Route um das Kap der guten Hoffnung.

Det interessante er at piratane no er i stand til å nå så langt ut at ikkje berre trafikken gjennom Suez er truga, men og trafikken rundt Kapp det gode håp. Det er der dei store oljetankarene går. Nokon som vil vedde mot meir aktiv milltær inngripen?

Likevel verd å ta med seg det Dagbladet skriv:

Uten en fredsløsning på land, blir det trolig umulig for marinefartøyer å stanse piratvirksomheten utenfor det borgerkrigsherjede landet på Afrikas Horn, ifølge Somalia-eksperten Roger Middleton i tankesmia Chatham House i London.

Dette er det viktig å ta med seg i ein debatt om utstasjonering av norske marinefarty slik Arild Wegener i Norges Rederiforbund argumenter for.

Åtaket på Sirius Star er det 92. rapporterte i år, 32 skip er tatt. Inntekta skal ha vore 30 millionar dollar i fjor. Det dobbelte av kva dei regionale styresmaktene rår over. Kven har makta der då skal tru?

4 Replies to “No skjer det nok noko med piratverksemda”

  1. Cirkus sa:

    Norge bør vurdere om skip med norsk flagg trenger hjelp; skip med flagg fra Bermuda eller Panama bør gå til Bermuda eller Panama og spørre om beskyttelse.

  2. Flott jobba Pål Julius! Artig at du tar deg tid til dette.

  3. Takk for kommentar Astrid. Då blir det artigare å skrive.

  4. Liv Marie Austrem sa:

    Hm. Eg er redd for at du har rett, Pål Julius. Eg har lyst til å vere så fri å håpe at …nei, eg vågar «kje mot, men tenk om Obama og andre med makt, i FN og …, kunne sjå litt på tilstandane i Somalia ja …

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.