Synkande kvalitet
Zett utanfrå hevdar i bloggen sin at det er ein stadig synkande kvalitet i norsk skole. Det blir som så ofte før når slike påstandar kjem fram ikkje vist til kjelder og heller ikkje sagt noko om etter kva kriterie kvaliteten er målt ut i frå. Utan at vi er tydeleg på kva vi måler, kor sikre målingane er, og kva vi ikkje måler er det vanskeleg å seie noko heilt sikkert om kvaliteten i skolen.
Elevar i hardt læringsarbeid. Foto: Baldur Blöndal/Wikipedia
Det vi veit er at det har vore ein nedadgåande tendens i nokre internasjonale undersøkjingar. Det er ille og noko vi må ta på alvor. Men det vi og veit er at desse undersøkjingane ikkje er den heile og fulle sanninga om norsk skole. Skolen er mykje meir enn det som blir målt i PISA og liknande.  Eit viktig mål på kvalitet må jo mellom anna vere om det ein lærer er relevant for det arbeidet ein skal gjere seinare? Norske arbeidstakarar svarar i ei internasjonal undersøking at dei oppfattar utdanninga som relevant. Faktisk ligg vi på topp (ja, eg skal finne referansen, berre gje tol).
Vidare er det gjort mykje vesen ut av dei geografiske skilla i landet nÃ¥r det kjem til resultata pÃ¥ dei nasjonale prøvane. Faktum er jo at det eigentleg er usedvanleg liten skilnad. Med tre unntaket er ikkje spennet i 8. klasse større enn 2,8 til 3,3, der dei fleste fylka ligg midt i laget. AltsÃ¥ er hovudfunnet at det er stor grad av likskap over heile landet. Dersom vi hadde korrigert tala for skilnad i utdanningsnivÃ¥ og inntekt hos foreldra, som vi veit betyr mykje for resultata, sÃ¥ er eg sikker pÃ¥ at skilnadene ville blitt enno mindre. GjennomgÃ¥ande er det slik at dei fylka med lÃ¥gast utdanningsnivÃ¥ generelt ligg nederst. Fylke som Finnmark og Østfold har eit lÃ¥gt utdanningssnitt, og scorer dÃ¥rleg pÃ¥ prøvane, Akershus motsett. Akkurat slikein kan forvente. Dersom dette er riktig – og det trur eg – sÃ¥ er det slÃ¥ande kor likt det er.
Det er viktig Ã¥ mÃ¥le kvaliteten pÃ¥ skolane, i alle fall pÃ¥ systemnivÃ¥ (dvs kommunenivÃ¥ for grunnskolane og fylkesnivÃ¥ for dei vidaregÃ¥ande skolane) fordi veljarane har krav pÃ¥ denne informasjonen for Ã¥ kunne vurdere om vi som politikarar gjer ein god jobb og som eit viktig premiss for den offentlege debatten. Vi mÃ¥ likevel vere tydelege pÃ¥ at ikkje alt blir mÃ¥lt – og heller ikkje alt av viktig kvalitet i skolen er mÃ¥lbar.



Jeg er rimelig sikker pÃ¥ at du tar feil nÃ¥r det gjelder hvor likt alt er. Det er ikke bare et spørsmÃ¥l om hvor store forskjellene i gjennomsnittene er. Rent statistisk er det ogsÃ¥ spørsmÃ¥l om forskjellene er statistisk signifikante. Og det tror jeg faktisk de er. Du kan ikke sammenlikne tall ut fra størrelser – du mÃ¥ bruke statistiskk.
Ellers takker jeg at du refererer til bloggen min. Men jeg synes du er svært usakelig. Du tør ikke ta opp tråden i mitt innlegg i det hele tatt. Mitt innlegg reiser jo spørmålet: Er det forskjeller i lærernes kvalitet mellom fylkene? Drt synes jeg faktisk norsk skoledebatt ville ha godt av om noen hadde mot til å besvare ærlig. Dette er nemlig en av de tingene det er mulig å gjøre noe med, mens andre forhold, slik som foreldrenes utdanningsbakgrunn med mer, er langt vanskeligere å påvirke.
Peter
Hei Peter, beklager at eg ikkje tok direkte fatt i lærarkompetansen. Ein interessant rapport om dette finn du hos SSB.
Der finn du mellom anna denne:
Tabellen vart kanskje ikkje så leseleg. Det er skilnad i kompetansen. Hovudskilnaden er at det er fleire med universitetsutdanning spesielt i Oslo og Akershus.
I rapporten skriv dei:
Ja, du har eit poeng, men det er ikkje Finnmark som skil seg ut. Tvert i mot ligg Finmark over landssnittet. Dei fylka som skil seg ut negativt er (utan at eg har sjekka tar dette frå hukommelsen) ikkje dei som skårer dårlegast. Agderfylka hadde vel ein stor framgang i dei nasjonale prøvane om ikkje eg minnest feil.