Russland skrur igjen gasskrana

682px-gas_stove_blue_flames
Kanskje blir det lite varm mat framover om ikkje gasstriden mellom Ukraina og Russland blir løyst? Foto: Wikipedia

I natt reduserte Russland gasstraumen til EU gjennom Ukraina med 70 prosent. Innbyggarane i Bulgaria har fått beskjed om å sjå seg om etter andre energikjelder. Bulgaria, Hellas, Makedonia og Tyrkia er ramma i første omgang melder EUObserver og Dagbladet.

Med dette går gasstriden mellom Russland og Ukraina inn i ein ny fase. Dei er usamde om pris og betaling. Russland hevdar Ukraina skuldar dei to milliardar dollar for gass og at dei stel av lasset av den gassen som går til EU. Ukraina har på si side svart med å truge med å auke prisen Russland må betale for å frakte gassen gjennom Ukraina seks gonger. Saka blir ikkje enklare av at det er politisk stillingskrig mellom statsministeren og presidenten i Ukraina, slik at ingen av dei i realiteten kan gjere noko med saka.

Dette er ei alvorleg utfordring for EU. Mange av EU-landa i det gamle Aust-Europa er nesten hundre prosent avhengig av russisk gass, men alle EU-landa med unntak av Irland nyttar større eller mindre delar russisk gass. TV2 melder at Austerrike no slit, og at Tyskland og merkar nedgangen i gassleveransane. Det blir spennande å sjå kva Tyskland vil gjere framover. Vil dene krisa sette ytterlegare fart på bygginga av ei ny røyrledning gjennom Østersjøen frå Russland til Tyskland, eller vil Tysklandendre politikk og i større grad leite etter energi andre stader? Den store miljøbekymringa er at EU-landa no går tilbake til å i større grad nytte kol til energi. Dette vil auke CO2-utsleppa kraftig. Dagbladet skriv:

Slovakia erklærer unntakstilstand og Bulgaria vil starte opp igjen gamle kjernekraftverk etter at Russland kuttet gassen til store deler av det sørøstlige Europa. Den bitende vinterkulden det europeiske kontinentet opplever setter gasskrisen ekstra på spissen, ettersom forbruket av gass dermed øker.

Så langt er det ingen som tener på denne konflikten. Russland taper sal, inntekter, og i det lange løp vil nok EU i enno større grad sjå seg om etter andre leverandørar av energi. Ukraina håper å sleppe å betale rekninga si, og å få større inntekter på transitten. Taparane er dessverre mange. Forbrukarane i EU-landa som er avhengige av gass til oppvarming og koking vil kunne komme til å li i vinterkulda om dei ikkje har tilgang til andre energikjelder.

Vil dei andre gassproduserande landa i verda tene på konflikten mellom Russland og Ukraina? Foto: Wikipedia
Vil dei andre gassproduserande landa i verda tene på konflikten mellom Russland og Ukraina? Foto: Wikipedia

Eg har tidlegare skrive om at Gazprom er i trøbbel. Indra Øverland er inne på noko av det same i Dagbladet. Dagbladet siterer Øverland slik:

Mens 2006-krisen mellom Russland og Ukraina ble sett på som et tegn på russisk maktarroganse, er dagens konflikt mer et utrykk for økonomisk desperasjon.

The Streetwise professor er inne på noko av det same. Han hevdar at Russland juksar med omsyn til valutareservane sine. Putin har endeleg innrømt at den internasjonale finanskrisa og vil ramme Russland. Kanskje fordi pengebingen tar til å tømmast?

OPPDATERT

6 Replies to “Russland skrur igjen gasskrana”

    1. Hei Eirik, hyggeleg å sjå deg her. Var innom bloggen din og kom på at eg sanneleg må få lest Gert si siste bok. Forøvrig er eg ikkje heilt sikker på at å skape meir usikkerheit på er måten å redusere bruken av kol i energiforsyninga i Europa på.

  1. Med andre ord – å la oss rævkjøre og utpresse er OK for dem Rødgrønne hvergang EØS utvides/nye land melder seg inn i EU?

    Eller kanskje du missforsto uttrykket «brannskatt» – mente det Norge må «bidra» med (mange miliarder) for å få være med i EØS – ikke CO2 avgifter sånn generelt altså.

    Det siste inlegget frå Eirik er Før het det at jula varte helt til påske

    1. Einig i at vi må la oss rævkøyre – så langt derifrå! Eg meiner vi bør melde oss ut av EØS. Og, ja eg forsto kva du meinte med brannskatt. Men, eg trur ikkje det er lurt av oss å gjere som Russland og bruke olje og gass som utpressingsmiddel. Ein skigard varar ikkje evig, veit du. Og kva skal vi gjere når den er borte?

  2. ukraina prøver å presse russerne til og nærmest gi dem gass på den ene siden, men det er like oppurtunt for dem og ødelegge russernes renomme` ytterlig. det er veldig beleilig og noe som er «på mote» i regionen. georgia er med på denne renome` ødeleggelsen også

  3. Den som ikke har registrert at Putin-mafian har ødelagt sitt renome som seriøs forretnigsforbindelse har ikke ikke fulgt med.

    Det er kanskje mye mere kalkulerte vurderinger bak stranguleringen av Ukraina og Georgia.
    Problemet Putin-mafian har i følge den demokratiske opposisjonen er mangel på Politikere i Georgia og Ukraina som vil la seg styre som gammle gode marionettedukker fra Moskva.

    http://streetwiseprofessor.com/?p=1237

    Jeg stiller spørsmålet som som alle despoter stiller seg i motgang.

    If his regime falls, he and his cronies will face the loss of their immense fortunes and criminal prosecution when their looting is exposed. What are thousands of lives in the Middle East to a Kremlin mob that is openly preparing for the day when they will have to open fire on their own citizens to stay in power?

    http://online.wsj.com/article/SB123172065020172341.html

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.