I Troms og spesielt i indre Troms har vi eit breitt og godt tilbod innafor vidaregåande skole. Regionen har nesten alle dei utdanningsprogramma som finst, og vi har eit tilbod innafor eit utal fag og yrke. Det sterke fylkeskommunale tilbodet innafor vidaregåande opplæring i indre Troms er ei stor styrke for regionen. Indre Troms vidaregåande skole er ein sterk og velfungerande skole med sterke og kompetente fagmiljø som bidrar til utvikling og utdanning. Slik skal det vere i framtida og.
Likevel er det slik at vi må diskutere frå tid til anna om vi har organisert oss på den beste måten. Får vi eit godt nok tilbod til elevane og regionen i forhold til dei pengane vi bruker. Dette er ein debatt vi må ha kontinuerleg. Vi blir aldri gode nok, aldri perfekt organisert. Det finst alltid betre måtar å gjere dette på. I ein slik debatt er det og naudsynt å sjå på om vi brukar pengane rett i samband med struktur.
Eg håper folk, politikarar, elevar og lærarar vil delta i ein debatt om dette, slik at vi kan vere sikre på at vi gjer ting på best muleg måte. For meg er det viktig å slå fast ein del grunnleggande prinsipp og premiss som eg meiner bør ligge til grunn for ein slik debatt.
1. Det er både fordelar og ulempar med dagens struktur
2. Det er fordelar med små skolar
3. Det er fordelar med store skolar
4. Kostnadene med dagens skolestruktur ligg opp i mot 30 millionar over kostnadene med ein struktur som utnyttar alle stordriftsfordelar.
5. Kvaliteten på ein skole blir i stor grad avgjort av menneska i ein skole, ikkje av betongen rundt menneska i skolen.
6. Økonomien i skoletroms er pressa og vi har ikkje pengar nok til kvalitetsutvikling, kamp mot fråfall og kompetanseauking for lærarane.
Den viktige debatten framover blir, slik eg ser det, er om mange små skolar i form av oversiktlege skolemiljø, nærleik til elevane ol. er verd dei økonomiske utgiftene dette gjev oss. Er det verd at vi ikkje får råd til ei rad andre viktige tiltak i skolen? Eg må innrømme at eg er i tvil. Eg trur heller ikkje det finst eit fasitsvar på dette spørsmålet. Og, eg er heilt sikker på at det er gode argument som eg ikkje har tenkt på for alle alternativ. Det er viktig at desse argumenta kjem fram, før det blir aktuelt å ta ei beslutning om å endre på strukturen.
La det og vere sagt at det er mykje som talar for at det kan vere fornuftig å samlokalisere Bardufoss og Høgtun vidaregåande skolar. Bardufoss vgs har stort behov for oppussing. Det kan vere ein del å hente på fagleg samarbeid mellom skolemiljøa – og det vil vere ein økonomisk gevinst. Dersom dette i tillegg kan vere med å bidra til å hjelpe Målselv kommune er det fint. Kommunen og fylket må jobbe saman om desse problemstillingane. Dersom vi etter ein debatt skal ende med at vi samlokaliserer Høgtun vgs og Bardufoss vgs vil det vere ein absolutt føresetnad frå mi side at det er to samla fagmiljø som skal samlokaliserast. Det skal ikkje skje endringar i utdanningsprogram eller fagstruktur i negativ retning som følgje av ei slik samlokalisering.
Ei eventuell samlokalisering av Høgtun og Bardufoss vil bety store investeringar. Dersom vi skal samlokalisere dei to skolane må det byggast nytt på Bardufoss for å få plass til Høgtun – og gje Høgtun gode arbeidsvilkår. I tillegg har vi eit oppussing og rehabiliteringsbehov på Bardufoss. For å kunne skape Nye Bardufoss-Høgtun vidaregåande skole må det sannsynlegvis investerast mellom 100 og 200 millionar.
Eg heiter Pål Julius Skogholt er blitt 40 år. Eg har tre barn, nummer to tok til på skolen i haust. Eg kjem opprinneleg frå Lofoten, men har tapt hjarte mitt til Tromsø og ei vakker kvinne frå byen. Der er det kanskje ein samanheng? 