Eg har tidlegare skrive eit innlegg på denne bloggen om Russlands to andlet. Det innlegget handla om brutalitet og progressivitet. Det finst ein annan måte å sjå på Russlands to andlet på – tilhøvet mellom by og land. Det seier eg noko om her.

Landsbygda i Russland slit med økonomien og framtidstrua. Foto: Wikipedia
I Noreg har ikkje alltid tilhøvet mellom by og land vore av det beste. Tvert i mot har det ofte bestått i ideologiske og økonomiske motsetnader knytt til målsak, fråhald, kristendom og distriktspolitikk. Noko av den same motsetnaden har du i mange land, tenk berre på på Tyskland og tilhøvet mellom Bayern og Berlin. Eg har likevel ikkje fundert så mykje på denne motsetnaden når det gjeld Russland, sjølv om eg har vore klår over dei enorme skilnadene mellom dei store byane og landsbygda i Russland. Eg kom over ein spennande artikkel på bloggen «Windowoneurasia» her om dagen. Dei skriv:
Like Disraeli’s description of England in the 19th century, the Russian Federation of today has split into “two Russias” increasingly different and isolated from one another and increasingly hostile to each other, a development that one provincial official argues is not sustainable for much longer whatever those in Moscow may believe.
og
These “two Russias do not understand one another,” he continues, and “their contacts are minimal,” limited in most cases to the use for a few months each year by urban residents of dachas they have had Tajik workers build for them. In every other regard, there is “a wall of silence between the victorious urban Russia and the defeated provincial one.”
Ei av dei verkeleg store endringane som skjer i Russland er ei endring i styringssystemet. Lokale og regionale politiske organ blir i stadig større grad gjort ansvarlege oppover, i staden for nedover til dei folka dei skal representere. Dette skjer samstundes med at dei føderale pengeoverføringane i stadig større grad blir gjort «like» for heile landet. Det betyr at dei får like mykje pengar per person uavhengig av korleis samfunnet ser ut. Dette fører til nedlegging av kulturtilbod og grendeskolar. Ein viktig konsekvens av dette er at ein bygg ned arenaer for sosiale relasjonar. På kort sikt kan dette gjere folk makteslause, fordi ingen har makt åleine. På lang sikt trur eg det vil bli bygd opp eit valdsamt sinne.
Det interessante spørsmålet er sjølvsagt om det er muleg å styre og halde saman eit så stort land med så store skilnader. I 2005 skreiv «Russia in Global Affairs»:
The disparity between some Russian regions on key development indicators (GRP, investment per capita) can be as great as 20 to 30 times – roughly the same as the gap between UN member countries except for some extreme cases, which include the most developed countries, sub-Saharan Africa, and the South and Southeast Asian countries. The wide disparity of resources in countries sharing the same continent, reflecting their uneven development, has re-emerged within the boundaries of individual countries.
Dei delane som kjem verst ut er Kaukasus. Kan det vere litt av bakgrunnen for uroa og krigane der?
Kva meiner du, er distriktspolitikk viktig andre stader enn i Noreg?
Eg heiter Pål Julius Skogholt er blitt 40 år. Eg har tre barn, nummer to tok til på skolen i haust. Eg kjem opprinneleg frå Lofoten, men har tapt hjarte mitt til Tromsø og ei vakker kvinne frå byen. Der er det kanskje ein samanheng? 
Pingback: Mindre fridom i 2008