Fråfallet, den største utfordringa

Til helga er det årsmøte i Troms SV. Eg sit og kladdar på eit forslag om vidaregåande skole i Troms. Eg tar gjerne mot forslag til korleis eg kan gjere denne teksten betre. Er det noko eh bør ta med? Er det noko eg bør endre på? Kva bør SV meine om vidaregåande skole i Troms. Eg tar med takk mot framlegg i kommentarfeltet.

——————————————————

Fråfallet, den største utfordringa

Troms SV meiner at det store fråfallet i vidaregåande opplæring er ved sida av klimaendringane, den største utfordringa samfunnet i Troms står over for. Troms SV er nøgd med den jobben fylkesrådet gjer med dei vidaregåande skolane, men ønsker seg enno større trykk i arbeidet mot fråfall og for å auke kvaliteten i skolen.

russ
Korleis bidrar vi best til at det og blir ei fagleg knallavslutning på vidaregåande skole? Foto: Geir Halvorsen/flickr.com

Dei tre nordnorske fylka har størst utfordringar knytt til fråfall i landet. Troms SV forventar derfor at departementet deltar saman med fylka i nord for å finne løysningar. I ein periode vil desse løysningane koste pengar. Troms SV vil utfordre departementet til å stille opp.

Troms SV er glad for det som er blitt gjort med prosjekta «Praktisk yrkeskvalifisering» og «Skolebasert formidling av læreplassar» dette er prosjekt som vil bidra til å få ned fråfallet. Dette er likevel ikkje nok. Svært mykje av fråfallet startar før elevane kjem til vidaregåande skole. Nye undersøkingar viser at så mange som ein av fem elevar frå ungdomsskolen ikkje har den naudsynte faglege bakgrunnen for å kunne klare seg i den vidaregåande skolen. Dette krev at vi tenkjer nytt både innafor vidaregåande opplæring og i grunnskolen.

Det kjem i Troms og i heile landet til å bli eit stort behov for folk innan omsorgssektoren. Kommunane har stort behov framover for kvalifiserte helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Dette er trygge val om du vil vere sikker på å få jobb, og det er eit trygt val om du vil jobbe med noko som betyr mykje for menneska rundt deg. Utan kvalifiserte folk i omsorgsektoren blir Noreg eit fattigare og kaldare land. Troms SV derfor trygt rå dei som har interesse for det å velje helse- og omsorgsfag i vidaregåande skole. Spesielt vil vi be gutar om å vurdere slik utdanning. Til neste år gjer fylkesrådet noko nytt i Troms, dei gjev alle som fullfører læreløpet fram til fagbrev som helsefagarbeidar rett til eit ekstra år på skole slik at dei og kan kvalifisere deg til høgare utdanning. Vi veit at mange som blir helsefagarbeidarar har tankar om å ta ei sjukepleiarutdanning. Troms SV er nøgd med at fylkesrådet har gjort dette enklare.

Troms SV meiner at det er viktig å halde oppe den desentraliserte skolestrukturen i Troms. Vi meiner at vi må arbeide for at så mange som muleg har sjansen til å ta i alle fall første året på vidaregåande skole medan dei bur heime. Dette betyr at vi i enno større grad må ta i bruk ny organisatoriske og teknologiske løysningar for å kunne gje gode tilbod over heile fylket.

Troms SV vil advare mot forslaget om at alle yrkesutdanningane skal gje generell studiekompetanse. Dette vil på sikt føre til ei enno større grad av teoretisering av yrkesfaga, og føre til større fråfal eller leide til ei nivåsenking i høgare utdanning. Troms SV meiner det er ei betre løysning å bygge ut y-vegen, der fagbrev gjev rett til høgare utdanning innafor relevante fagfelt.

Troms SV vil ta initiativet til at fleire skal få ei meir praksisnær utdanning. Det betyr at vi i må tilby utdanningsløp der teorien er sterkare knytta til praksisfeltet. Dette kan blant anna skje gjennom eit sterkare vekselspel mellom utdanning i skole og utdanning i bedrift.

Troms SV meiner at ein bør vurdere eit kvalifiseringsår for dei elevane som ikkje har grunnlag for å ta vidaregåande skole. I nært samarbeid med næringslivet kan desse elevane oppdaga at teorien er naudsynt og sjølv oppleve korleis teori og praksis heng saman.

5 Replies to “Fråfallet, den største utfordringa”

  1. Trude Hoel sa:

    Bra, Pål Julius. Å vinkle saken mot praksisfeltet liker jeg. Det er fpr mye teori i yrkesfagutdanninga allerede. Vi trenger å jobbe for en mye mer praktisk videregående skole. Mitt syn er at man også i ungdomsskolen bør finne rom for praktisk rettet skolehverdag.

    1. Ja, det er ein jobb å gjere i ungdomskolen og. Eg er spent på korleis vi kan utvikle faget utdanningsval, men trur kanskje det hadde vore lurt å fått på plass litt valfag igjen

  2. Steinar Aas sa:

    ville berre nemne for deg at Tromsdalen vgs har gjort nokre grep for å fange opp dei som er på veg til å droppe ut. snakk med Hvalrygg og Takøy om strategiane deira. det er visstnok snakk om å samtale med dei det gjeld og å «sjå dei».

    spørsmålet om å havne på rett plass er også viktig. motivasjonen er særs viktig. korleis får dei denne?
    det må jobbast med klassemiljø og skapast læringsklima.
    ein må ville noko, skape interessen for å ville noko og utvikle seg som menneske. individuelle samtalar med eleven er viktig i høve til fråvær, fordi de gjev lite heldige verknader. Ein må ha tryggingsnettet.

  3. Katrine sa:

    Den va utrulig bra! Flott at du tar dennan saken så særiøst som du gjør, førr det e ett sinnsykt stort problem.
    I fjor gikk eg 1 år helse&sosial, vi bynte 16 stk, men det va bære 7 som fullførte!!

    Det siste inlegget frå Katrine er Nordnorsk kollektivtransport…

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.