Ikkje politikk,Litteraturforsøk

Kapittel 2 om Brombakkane

Første kapittel her

Då Aksion og Bonte vakna dagen etter var dei så svoltne at dei kunne ete ein hest, om det ikkje var for at ein hest er stor og ein brombakk er liten. Dei hadde eit problem. All maten deira hadde blitt øydelagt i stormen. Dei bestemte seg for å finne ein kafe der dei kunne få seg ein bit frokost.

Nede på hamna var det mange kneiper. Dei gjekk inn på ei av dei nærmaste, der var det lyst og triveleg. Eld på peisen og god lukt av bacon og egg. Kafeen var heilt full, ikkje eit einaste ledig bord, men ved eitt av borda sat det berre ein mann. – Unnskyld, er det ledig her, spurte Aksion. Han var den mest snakksalege av dei to. Mannen var hyggeleg, og dei sette seg ned og fekk mat servert. Mannen tørka baconfeitt av skjegget og fortalte at han var ørnetemmar. Dei fortalte at dei var på veg til India for å få tak i kanel til sjokoladen dei skulle lage, men ikkje heilt visste korleis dei skulle ta seg vidare. – Det er mangel på kanel over alt, sa mannen. – Ingen av dei andre som har reist for å få tak i meir kanel, er komne tilbake. Men de ser ut som staute gutar, kanskje de kan finne ut kva som har skjedd. Aksion og Bonte vart stille og såg bekymra på kvarandre.

– Kanskje eg kan hjelpe dykk eit stykke på veg, sa fugletemmaren plutseleg. Han fortalte at den største og sterkaste ørna hans ikkje kunne bære dei så langt som til India, men så langt som til Hellas kunne det gå. – Viss de kjem dykk til Himmelbjerget innan i morgon kveld så skal de få låne den ørna, sa fugletemmaren før han reiste seg og gjekk ut døra.

Aksion og Bonte heiv i seg dei siste restane av frukosten. Korleis skulle dei komme seg til Himmelbjerget med alt gullet på så kort tid. Da fekk Bonte ein ide. Dei måtte fange seg eit par mus, så kunne dei spenne mysa for ein slede, og slik komme seg avgarde.

Aksion gjekk og betalte for frukosten og kjøpte litt ost, medan Bonte sprang til båten for å hente tau.

Dei sneik seg ut i skogen. La ut osten som åte, rigga til ei felle og la seg til å vente. Det tok ikkje lang tid før den første musa kom snusande. Aksion drog i tauet og fanga den eine musa, Bonte sprang fram og gav musa litt ost og fekk sett på henne grime. Den neste musa vart fanga kort tid etter. Aksion og Bonte hoppa opp på kvar si mus og ridde smilande inn mot byen. Når dei nærma seg båten såg dei det var folk om bord. Tjuvar! Dei var i ferd med å stele gullet dei skulle kjøpe kanel for. Aksion sparka i sida på musa og sette full fart mot båten utan å tenke på at det kunne vere farleg. Bonte kom snart etter. Begge huia så høgt dei kunne og sette kursen rett mot røvarane. Måtte dei slåss? Nei, to av røvarane la på sprang den siste vart ståande rådvill på landgangen før han hoppa i det kalde havet rett før Aksion ville ridd rett over han.

Det vart kveld før dei hadde fått lasta gullet opp på ein slede bak mysene. Så la dei i veg gjennom den mørke skogen til fjellet der dei skulle møte ørnetemmaren og ørna. Trea stod høge, men månen lyste og mysene var sterke og raske. Etter nokre timar tok både Aksion, Bonte og mysene tok til å bli slitne. Dei måtte ha ein pause. Mysene somna der dei stod, og Aksion og Bonte la seg ned for å kvile litt.

Bonte vakna brått av nokre lydar frå skogen. Månen var forsvunnen bak nokre skyar. Det var blitt heilt mørk. Det einaste han såg var to lysande raude auge mellom trea. Forsiktig og stille vekte han Aksion og peika på augene eit stykke borte. Aksion tok fram kniven sin, medan Bonte forsiktig vekte mysene. Han kjente det var så vidt han kunne stå på føtene så ille skolv knea. Mus er, som du veit, ganske redde skapningar, og Bonte vart litt rolegare då han oppdaga at dei ikkje reagerte på dei to auga. Dei kom seg avgarde så fort dei kunne. Heldigvis hadde dei trollkompasset som gjorde at dei kunne finne vegen gjennom den mørke skogen.

Bak seg høyrde dei rasling og dei raude auga blenkte, nokre gongar nært, nokre gongar lengre unna. Endeleg tok det til å lysne, dei var komne til foten av fjellet og skulle starte på turen oppover fjellsida. Det gjekk sakte, gullet var tungt for mysene, og dei var slitne. Dei måtte stoppe. Då dei stoppa kom augene nærmare. Nå kunne dei sjå omrisset av ein skapning, større enn både Brombakkane og mysene. Skapningen kom hoppande mot dei, men snudde plutseleg og for opp over eit tre. Det var berre eit ekorn. Aksion stakk kniven i slira, og Bonte sette seg rett ned så letta var han. Ekornet var berre nyssgjerrig på desse raringane som reiste gjennom skogen om natta. Ho sat og såg på dei ei stund, og følgde etter når dei starta opp igjen. Dei hadde det travelt no, dei måtte nå toppen før morgonlyset kom. Mysene sleit og drog og Aksion og Bronte skuva på og tørka sveitten. Plutseleg kom ekornet, festa halen rundt sleden og drog, og på den måten gjekk det lett. Ekornet snakka på ekornspråket sitt heile tida. Aksion og Bonte snakka tilbake og takka for hjelpa, men ikkje skjønte dei ekornsk, og ikkje skjønte ekornet kva Brombakkane sa. Likevel var det hyggeleg. Nå var dei opp dei verste bakkane og nærma seg toppen. Nå var dei ikkje redde leger.

Plutseleg forsvann ekornet i full fart, akkurat som om ho hadde blitt skremt, og mysene ville ikkje dra meir nå. Dei stritta i mot. Aksion skjønte ingenting. Han prøvde å forklare mysene at nå var det berre litt igjen og da skulle dei få ostelønna si. Men mysene nekta. Da sto sola opp og dei fekk sjå den store ørna stå på toppen. Da skjønte Bonte kvifor mysene ikkje ville gå lenger. Mus var jo ørna sin favorittmat! Dei såg tunga spelte rundt i nebbet på ørna. Mysene stod heilt stive, ute av stand til å røre seg.

Ørna slo ut vengane og kasta seg mot dei, og nebbet klora borti snuten på mysene. Då såg dei kjettingen som gjekk frå ørna sin fot og til ein stor stubbe. Ørna nådde ikkje fram så ho fekk tak i mysene heldigvis.

———————————–

Kva skjer så?

Første kapittel her

Standard

Tankar om “Kapittel 2 om Brombakkane

  1. Pingback: Historia om Aksion og Bonte Brombakk

  2. Så fin fortelling om Brombakkene!
    Den må du skrive videre på.

    Likte særlig godt den lune setninga du starta kapitlet med.

    Lurer på om litt dialog kunne ha gjort seg som avbrudd i den fortellende stilen?

    Irene

    Det siste inlegget frå Irene er På kvinnedagen: Hannah Arendt

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.