Feature, Ikkje politikk

Eit forsøk med e-bok

jahn-aril

No kan du lese Jahn-Arill Skogholt sin siste roman elektronisk her.

Eg legg no ut siste romanen til far min, Jahn-Arill Skogholt. Eg legg boka ut her i ulike format. Boka kom opprineleg ut på Orkana forlag i 1999. Dei har mange spennande bøker til sals, kjøp dei!

Eg håper mange vil finne glede i denne boka. Del ho gjerne med andre (Creative Commons). Last ho ned, men du har ikkje lov til å tene pengar på boka.

Den versjonen du finn her, er den som låg på datamaskina til han Pappa då han gjekk bort. Eg har ikkje fått krysslest mot den trykte versjonen for å finne ut om det er avvik. Det skal eg få gjort etterkvart. Om det er avvik kjem eg til å rette opp det.  Eg vil tippe at det er eit par skrivefeil i dette manuset som er fanga av korrekturen i den trykte versjonen.

Etterkvart håpar eg at den andre romanen, «I Havherrens land» skal bli publisert her, men då må eg få skanna boka først.

Takk til Eirik Newth som gav meg om ikkje ideen, så i alle fall puffet som skulle til for å få dette gjort. Gje meg gjerne tilbakemelding om du finn feil i formata. ISDN nummer på html-versjonen er 978-82-998087-0-5 (html)

Les boka her, ordliste her

Last ned som pdf her

Last ned som Mobipocket (bør funke på Kindle, gje meg gjerne ei tilbakemelding om det)

Last ned for eReader (Palm markup language)

ePub for Sony Reader og andre (fungerer fint på smarttelefon og tablet)

Standard
Feature, Klima

Klima og vår – det same?

snoblomar

HEldigvis dukkar det opp vakre ting frå snøen og. Foto: David Pfeffer/flickr.com

Mitt forhold til dei store klimaendringane er som forholdet mitt til våren. Eg veit at det kjem til å bli store endringar. Eg veit at havnivået vil stige, eg veit at mange vil måtte gjennom store lidingar. Likevel gjer eg så alt for lite for å motverke klimaendringane. Og våren? Når det er vinter så er det så alt for lett å kaste frå seg ting, sneipar og anna. For det blir jo dekt av snøen. Men, eg veit jo at det kjem fram med våren. Eg veit at eg må rydde opp etterpå. Korfor gjer eg då ikkje meir? Både for klimaet, og for å halde det ryddig om vinteren? Jaja, eg skal i alle fall stemme SV – klimapartiet til hausten.

Og kanskje, vil havnivået stige så mykje at det snøsmeltinga viser fram vil bli dekt av hav?

Standard
Twitter, Uncategorized

Mine kvitter for veka

Powered by Twitter Tools.

Standard
Feature, Internasjonalt, Val

Dansande president

Jacob Zuma dansar, og tilhengjarane hans dansar. Til og med den største opposisjonsleiaren Helen Zille og leger i streik dansar. Alle dansar i dette landet, og ein kan ikkje alltid vete om dei er sinte eller glade når dei dansar.

valsa

Valet i Sør-Afrika gav ANC berre nesten to tredjedelar av røystene. Foto: Liv Marie Austrem

Men det er ingen tvil om at partileiaren for Democratic Alliance, den kvite Helen Zille feirar at hennar parti fekk 50.78% i Western Cape og overtar roret for denne provinsen, og på landsbasis auka DA med ca 5% til 16.37. Utbrytarpartiet frå ANC, COPE, endte opp med 7.62% og seier seg nøgd med det sidan dei er nye.

ANC feirar at dei fekk 66.0 % av stemmene i heile landet og kan styre vidare, nå med Jacob Zuma som president. 4% svikta ANC denne gongen, og hindra at ANC får 2/3 fleirtal i regjeringa. Eg har alltid vore ein stor ANC-fan, men dei har vore for mektige for lenge nå, og denne nedgangen er bra for å sikre demokratiet, tenkjer eg. Dermed kan dei heller ikkje endre grunnlova slik mange har frykta for at dei kunne finne på. ANC-tilhengjarane seier at ANC-regjeringa har ikkje gjort forsøk på å tukle med grunnlova tidlegare enda dei har hatt 2/3 fleirtal sidan 1994, så det behøvde ingen vere redde for. Skeptikarane kjente seg likevel ikkje trygge, for Jacob Zuma har meir enn ymta om at dødsstraff igjen kunne vere aktuelt, han har uttala seg negativt om at homofile har vanlege menneskerettar og han stiller spørsmål ved atmedia har lov å skrive kva-som-helst og  «rettssystemet er så fritt og uavhengig som ein Gud». I tillegg er det mange som ikkje greier tru på at Jacob Zuma er uskyldig i korrupsjon og valdtekt sjølv om sakene mot han vart henlagt.

– Nå må vi prøve lære oss å elske Zuma, sa ei dame eg snakka med. – Ein må jo elske presidenten sin.

Det er klart mange som elskar han, ikkje berre dei 5 konene hans, men tusenvis av trufaste fans møter opp og hyller han over alt der han ferdast. Han er ein antiintellektuell, folkeleg mann, flink til å lytte og snakke med folk og er svært karismatisk. Han kler seg ikkje i kvite snippar, og han ler høgt.  – Eg kjem ikkje til å slutte å le høgt og danse for det om eg blir president, har han sagt. Under apartheid var han leiar for ANC sin hemmelege etterretningsteneste, og han sat fengsla på Robben Island saman med Nelson Mandela i 10 år. Mandela støtta Zuma under valkampen, men Desmond Tutu har uttalt seg kritisk og sådd tvil om den nye presidenten sin integritet og moral. 

Eg håpar det blir god grunn til å elske han som president, og eg ynskjer han og dette fantastiske landet lykke til. Presidenten og regjeringa hans  har svære utfordringar:  arbeidsløyse, manglande utdanning og dårlege skolar, mangel på hus, hiv og AIDS, høg kriminalitet og ikkje minst korrupsjon. – Nå må dei slutte å danse og begynne å levere, sa ei gammal afrikansk dame til meg etter at ho hadde lagt stemmesedlen i urna.

Standard