På kort sikt kjem ein neppe utanom å utvida flyplassen på Langnes. På lengre sikt er det all grunn til å flytta Tromsø Lufthavn bort frå Tromsøya rett og slett fordi det er grenser for kor stor vekst Langnes kan ta unna – auka trafikk krev ikkje berre meir plass, men det vil òg medføra ein miljøbelastning (særleg i form av støy) som ikkje kan forsvarast så nær byen.

Å flytta heilt til Bardufoss, vil det bli vanskeleg å kjempa for, sjølv om ein skulle kunna ta toget dit. Eit alternativ er å byggja ein heilt ny flyplass på Kvaløya over Marislett/Tisnes eller på Balsnes. Saman med ein ny undersjøisk tunell frå Marislett eller Håkøya til sørenden av Tromsøya, vil ein framleis ha flyplassen ganske nær byen samtidig som Kvaløya får det nye sambandet som trengst for å avlasta Sandnessundbrua.

Og viss ein dessutan legg traséen for Tromsbana over Malangshalvøya via Rya, kan argumenta dine knytta til tog brukast med motsett forteikn, dvs. som eit argument for å slå saman Bardufoss Lufthavn med den nye i Tromsø som vil vera kort tid unna for folk i Målselv og på Finnsnes gitt ein stasjon på Buktamoen. (Sjå elles her http://www.nordlys.no/debatt/ytring/article3070619.ece)

Det er uansett all grunn til å gå i gang med planleggjinga. Både ny flyplass for Tromsø og Tromsbana må det jobbast for no skal ein ha håp om realisering innan 20 år er gått!