Eg synest forslaget til På Julius er svært dårleg og politisk uheldig. Grunnane til at det er svært dårleg går klart fram av Pål Julius si eiga liste over motargument. Det politisk uheldige ligg i to forhold: For det første at det undergrev trykket på Avinor for å rusta opp den eksisterande flyplassen på Tromsøya, og for det andre at det blir tolka som eit nytt antitromsø-forslag frå SV, eit forslag som serbort frå dei viktige regionale funksjonane til byen. Ideen til Vangsnes er betre, men eg vil også gå mot den, blant anna av jordvernomsyn. Det vil garantert dessutan også auka bilbruken, og det svekkar den fordelen byen i dag har av kort avstand til flyplassen. Lydforureiningsproblemet er dessutan blitt mindre med åra, på grunn av teknologutviklinga.