Mine kvitter denne veka

  • Trist at oljeindustrien ikkje vil ta inn nordnorske lærlingar. Eit forvarsel om små ringverknader? #
  • @Thise Eg ønsker ikkje oljeutvinning i nord, men om det kjem så må vi få alle positive ringverknader in reply to Thise #
  • RT @bardvegar: det gjekk litt galt med leiaren i Nordlys i dag synest eg http://tinyurl.com/o4jd8w #
  • Rektormøte i vgs i Troms. Diskuterer tilbodet til neste år. Mange vanskelege val. Lite søkarar til bygg #
  • Trur vel høgare løn er ei betre løysning? http://bit.ly/3Q1Er #
  • Det er sjeldan hyggeleg å gå til tannlegen, men hyggelegare å komme til ein fin klinikk med høg kompetanse http://bit.ly/9EPxi #
  • RT @terjewold: Blogginnlegg: Værmeldingen for pinsen viser at Tromsø skiller seg ut på sin spesielle måte – http://bit.ly/GkOSz. #

Powered by Twitter Tools.

Ny tannklinikk i Nordreisa

Ein av dei mange hyggelege tinga ved å vere politikar (ved sida av helvetesjobben med å kutte for å halde budsjetta) er at eg av og til for lov å klippe av ei snor til eit betre tilbod til innbyggarane. I dag fekk eg klippe over ein tanntråd på Sonjatun i samband med nyopninga av tannklinikken der. Eg som mange andre synst ikkje det å gå til tannlegen er det artigaste som finst, men det er trivelegare å komme til eit tannlegekontor som ser oppdatert og moderne ut enn til eit som er gamalt og nedslitt.

I tillegg til å ha laga eit godt arbeidsmiljø og betre forhald for pasientane i Nord-Troms er det viktigaste at klinikken no er oppdatert til Universitetstannklinikk. Frå hausten vil Sonjatun ha to studentar i praksis. Studentane vil få gode forhald for å lære og bli gode tannlegar – og kanskje vil fleire ønske å jobbe ute i distrikta. Men heldigvis ser dte ut til at tannlegedekninga i Troms er i ferd med å bli betre. Det er ingen tvil om at aktiv rekruttering kombinert med at dei første tannlegane er i ferd med å bli uteksaminert ved Universitetet i Tromsø fungerer. Eg trur vi no er over den største tannlegekrisa, men snart kan det bli problem med å finne nok tannpleiarar og tannhelsesekretærar. Det kan bli ei like stor utfordring som tannlegemangelen. Tannpleiarane og tannlegesekretærane er minst like viktige for ein tannklinikk som tannlegane.

Uansett, gratulerer til alle som jobbar på tannklinikken på Sonjatun og til alle innbyggarane i Nordreisa og Nord-Troms som har eller vil få vondt i ei tann.

Her syng dei ansatte inn den nye klinikken. Beklager kvaliteten, men eg er litt ustø på handa og opptaket er gjort med mobiltelefon.

Mine kvitter for veka

Powered by Twitter Tools.

Kake frå Natur og Ungdom

pal-julius-skogholt-med-natur-og-ungdom
Natur og Ungdom takkar for at bussen blir billigare i Troms. Eg til venstre
natur-og-ungdoms-kake
Kaka som fylkesrådet fekk frå Natur og Ungdom i dag

Det er ikkje så ofte at eg som politikar får kake frå Natur og Ungdom for eit vedtak. Det skjedde i dag og var ei fin oppleving.

Bakgrunnen er at fylkesrådet i Troms (Ap og SV)  endrar busstakstane i Troms. I Tromsø vil eit månadskort for ungdom no kosta kun 200,- kroner. I tillegg har vi utvida takstsonene i Tromsø – og arbeider med å få til det same i Harstad.

Dette er eit godt steg på vegen mot å få til ein meir miljøvenleg transport i Troms. Vi er enno ikkje i hamn, men håper at dette er eit viktig bidrag for å få ned utsleppa av drivhusgassar i Troms.
Du kan lese heile saksframlegget her.

Sykkelmotor

Motoren og bateriet er ikkje så veldig dominerande på sykkelen. I nedoverbakkane ladar systemet opp bateriet
Motoren og bateriet er ikkje så veldig dominerande på sykkelen. I nedoverbakkane ladar systemet opp bateriet

På laurdag, dagen før nasjonaldagen var det feststemning hos meg. Då kom den elektriske hjelpemotoren til sykkelen min frå USA. No er eg den lykkelege innehavaren av ein menneske-elektrisk hybridsykkel.

I dag var første testen, hjelp det opp bakken til barnehagen? Sveitta eg mindre og går det fortare?

Både ja og nei. Farta auka betydeleg, men kanskje var eg like sveitt og sliten. Motoren jobbar berre om eg trør, og jo hardare eg trør jo meir hjelp får eg. Eg kan altså ikkje berre lene meg attover å gjere ingenting. Men hjelpemotoren er kjærkomen. Til hausten skal eg sykle med tre ungar til barnehagen, to i vogna og ein bakpå. Det blir tungt, alternativet til hjelpemotor er nok helst bil. Så får vi sjå korleis dette kjennes etter at eg har prøvd det i nokre dagar.

Motoren er av typen Bion X produsert i Canada. Sjøve motoren ligg inni navet på bakhjulet. Eg bestilte heile stasen frå NYCWheels i New York.

Mine kvitter for veka

  • RT @bardvegar: ser SV mash-up http://bit.ly/s2xJ4 #
  • Ein halv siger for miljøet? http://bit.ly/P4Llu #
  • RT @aherning: når vi får lokalkonflikter når det bygges vindmøller hvor vil Høyre og FrP bygge atomkraftverk og lagre atomavfall? #
  • @Hjorthen er det nyttig informasjon for oss? in reply to Hjorthen #
  • RT @anders_horn: Aftenpostens Gunnar Magnus har samlet flere fine Frp-sitater om klimaendringer her: http://tinyurl.com/qqgwyb #
  • Møte i vegforum nord. Trur ikkje det vart så mange nye SV-stemma #
  • Lykkeleg over at regjeringa tar fråfallet i vgs på alvor og bevilger 35 mill til dette i revidert statsbudsjett #
  • Endeleg eit ungdomens fylkesråd i Troms http://bit.ly/1341a9 #
  • Viktig og god artikkel om offentleg informasjon: http://bit.ly/4Au7fR #

Powered by Twitter Tools.