Mykje tyder på at det trengs større og raskare redukjsonar enn du legg opp til. Dersom dei fattige landa skal få lov til å sleppa ut like mykje som oss, må vestlege land redusera utsleppa sine med 90%. Det blir i praksis umogeleg og dessutan usolidarisk å krevja at fattige land, som har hatt lågare utslepp enn vestlege land, fortsatt skal få sleppa ut mindre enn oss.

Dessutan er tala denne rapporten er basert på svært optimistiske med omsyn til klimautfordringa. George Monbiot hevdar at det er realistisk at me må kutta med 90% i vestlege land i 2030 (http://www.monbiot.com/archives/2006/11/07/heat/). Hugs at IPCC sin rapport er eit konservativt konsensus, det vil sei at dei er gjort meir optimistiske for å få fleire forskarar til å godta rapporten.

Er forresten 20 milliardar den summen Noreg aleine må bruka i året ifølge denne rapporten?