Det er ikkje så ofte at eg som politikar får kake frå Natur og Ungdom for eit vedtak. Det skjedde i dag og var ei fin oppleving.
Bakgrunnen er at fylkesrådet i Troms (Ap og SV) endrar busstakstane i Troms. I Tromsø vil eit månadskort for ungdom no kosta kun 200,- kroner. I tillegg har vi utvida takstsonene i Tromsø – og arbeider med å få til det same i Harstad.
Dette er eit godt steg på vegen mot å få til ein meir miljøvenleg transport i Troms. Vi er enno ikkje i hamn, men håper at dette er eit viktig bidrag for å få ned utsleppa av drivhusgassar i Troms.
Du kan lese heile saksframlegget her.


Eg heiter Pål Julius Skogholt er blitt 40 år. Eg har tre barn, nummer to tok til på skolen i haust. Eg kjem opprinneleg frå Lofoten, men har tapt hjarte mitt til Tromsø og ei vakker kvinne frå byen. Der er det kanskje ein samanheng? 