Renovering av Bardufoss videregående skole

Det er ingen tvil om at det er behov for ei stor renovering av Bardufoss vgs. Det er heller ingen tvil om at denne renoveringa hastar. Tilstandsraporten fylkesrådet no legg fram for fylkestinget viser eit behov på 294 millionar. Eg må likevel ærleg innrømme at eg ikkje forstår kva Roar Sollied kavar seg opp over. Ingen kan vedta å bruke 300 millionar kroner utan at det ligg ei grundig utgreiing i botn om behov i framtida. Hadde fylkeskommunen brukt 300 millionar utan å først gjort grunnarbeidet, då hadde det verkeleg vore ein skandale.

Vi kjem til å legge fram ei sak til fylkestinget i desember. Der skal vi og diskutere budsjettet for 2010 og økonomiplanen for dei neste fire åra. Det er det riktige tidspunktet for å ta ei beslutning. Ingen kan ta ei beslutning før dette tidspunktet. Då vil vi og ha ei sak om behov for framtida. Hadde det ikkje vore galskap å renovert og bygt nytt for mange hundre millionar utan å vite kva tilbod vi skal ha på skolen i framtida og utan å tenke gjennom mulege gevinstar ved ei samlokalisering av Bardufoss og Høgtun? Korleis hadde situasjonen vore om vi først renoverte for mange millionar, for så å måtte bygge om for mange millionar kort tid etterpå?

Så god råd med innbyggarane sine pengar har ikkje eg, har du Sollied?

Troms folkeblad har skrive om saka her.

Saksframlegget til møtet finn du her.

4 Replies to “Renovering av Bardufoss videregående skole”

  1. På Bardufoss er ein kommet ganske så langt i planlegginga av ein ny skule, og slik planane ser ut nå kan skulen renoverast uavhengig av ei samlokalisering med Høgtun…
    Sjølvsagt kan ein vente med å gjere noko som helst til fylkestinget tør å endra skolestrukturen, men ein veit jo aldri kor lang tid det kjem til å ta…

    Kjem samlokalisering til å bli utreda før desembermøtet?

    Det siste inlegget frå Jonas Bertelsen Johnsen er The Road Not Taken

    1. Vi meiner vi skal ha eit godt grunnlag for å ta ei beslutning i desember

  2. Anne Valle Tangen sa:

    Vedrørende restaurering av Bardufoss videregående skole: Det vil ikke koste allverden å begynne med sanering av ubrukbare bygg. Tetting av tak og muggfjerning er også slike ting som må prioriteres. Det må til, uansett skolestruktur og økonomi. Å blande skolestrukturen inn i dette, Pål Julius, det er ikke nødvendig.

    1. Hei Anne

      Nei, du har heilt rett. Ein del ting må gjerast uansett, men vi kan ikkje sette i gang med slike ting før vi har budsjettdekning. Det kan vi tidlegast få i budsjettmøtet i desember. Då reknar eg og med at vi kan sjå desse tinga i samanheng. Den samanhengen kan gjere at vi startar rett og klarer å gjere renoveringa på den totalt sett beste måten. Det er ingen som har foreslått å bruke pengar på inneverande års budsjett.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.