Vi berga fleire opplæringstilbod

vii-1000-forside-200
Den vidaregåande opplæringa i Troms treng 30 000 slike pengesetlar ekstra for å kunne drivast bra.

I dag er eg ein svært glad mann. Vi har i fylkesrådet i dag funne ei løysning som gjer at vi slepp å legge ned service og samferdsel og reiseliv på Sjøvegan og Design og Handverk på Nordreisa vgs. Det var ein lettelse.

Eg vil nytte sjansen til å takke alle som har vist eit stort engasjement for tilbodet i den vidaregåande skolen i Troms. Det engasjementet treng vi framover. Det kjem til å bli tøffe tak om vidaregåande opplæring i Troms framover. Skolane er i dag underfinansiert med rundt 30 millionar. Det betyr at fylkestinget må velge mellom å smale inn tilbodet og legge ned skolar på den eine sida, eller å flytte pengar frå samferdsel til skole.

Eg håper mange vil vere med på å kjempe for meir pengar til vidaregåande skole i Troms. Eg er trygg på at Troms SV vil ende opp med at utdanning trass alt er viktigare enn asfalt.

Vi må nok likevel ha eit fokus på kva tilbod vi skal ha i fylket framover. Det vil bli vanskeleg å ha mange like tilbod i skoleregionane.

Folkebladet skriv om saka her.

NRK Troms her.

One Reply to “Vi berga fleire opplæringstilbod”

  1. LM Austrem sa:

    Glade menn er flott!
    Eg trefte ein mann i dag som ikkje var glad, han er pensjonert lærar og sa han ville sa han var så sint på Svs skolepolitikk at han ville melde seg ut av Sv (og inn i AP) fordi han meinte det er feilslått med gratis skolebøker når konsekvensen er at ein ikkje lenger prioriterer skolebøker, men kjører alt på nett. Han meinte at SV ikkje overskuar konsekvensane av det.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.