Islendingane seier nei – Høgre har panikk

ISLAND TILL EU
Island søkjer offisielt om EU-medlemsskap, men har dei folkemeininga med seg? Foto: Islandske utanriksdepartementet

Eg skal ikkje påstå at panikken har sett seg fast i krokane på Høgres hus, men eg synst det siste utspelet om EU vitnar om dei er blitt litt redde.

I ei youtube utfordring til Jens Stoltenberg nyttar Erna Solberg den islandske EU-søknaden som eit argument for at også Noreg må søke om medlemsskap. Timinga kunne vore betre. Utspelet kom same dag som EUobserver kunne melde om eit svært klart fleirtal mot medlemsskap blant folket på sagaøya som skal avgjere dette. 48,5 prosent er no mot, 34,7 prosent er for, medan resten ikkje veit. Eg skal sjølvsagt vere forsiktig med å forskottere den islandske folkemeininga, men det bør sanneleg ja-sida og vere.

Eg føler meg trygg på at Noreg ikkje blir med i EU dei neste fire åra heller.

VG skriv om saka her.

Forøvrig skriv dei i same artikkelen i EUobserver  om at granskinga av Kaupting tyder på ureint mjøl der i garden.

Oppdatert:

Stian Oen har ein fin kommentar her

4 Replies to “Islendingane seier nei – Høgre har panikk”

  1. Morten sa:

    Høyre får ikke panikk av den grunn. Høyres utgangspunkt er at Norge er best tjent med å være medlem av EU, blant annet på grunn av det kjente demokratiske underskuddet i EØS-avtalen. Uansett var Ernas utspill ment å få Stoltenberg til å ta et standpunkt til EU-saken og ikke gjemme seg bak en ikke-beslutning. Støre var behjelpelig til å klargjøre litt i etterkant, men det var ikke voldsomme fremskritt på det området heller. SVs nei er i hvert fall klart og tydelig.

    1. Eg var ikkje i tvil om Høgre sitt standpunkt. Det var berre litt artig at Erna Solberg nytta Island som argument samstundes som det er nei-fleirtal på Island

  2. siv elin hansen sa:

    Synes Kanskje at dersom demokratiske prinsipper er et av argumentene for å bli med i EU så må man kanskje tenke seg om igjen. Litt av problemet med EU, synes nå jeg, er nettopp det demokratiske underskuddet i hele organisasjonen. Viktige politiske avgjøelser blir jo ikke tatt i de demokratisk forankra fora som europaparlamentet, men i gutteklubben grei – eu-rådet; med alle dets ulike formelle og uformelle møtevirksomhet…

  3. stykkjet sa:

    Du har sjølvsagt heilt rett

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.