Monthly Archives: september 2009

Ei verd utan grenser dominert av Kina?

Eg hadde lyst til å dele denne videoen. Den er interessant, sjølv om eg synst analysen er litt lett av og til. Eg har mellom anna lite tru på tala hans om innvandringa av kinesarar til Sibir og Det fjerne austen. Frå tida mi i Vladivostok huskar eg godt at russarane var redde for at read more »

Tyskland mot høgre – som resten av Europa?

Valet i Tyskland fekk på mange måtar det motsette resultatet av valet i Noreg, høgresida vann, men dei grønne og raude partia hadde framgang. Då er resultatet i Noreg trass alt det beste, sjølv om det er sår i SV-hjartet mitt enno. Det partiet i Tyskland som står SV nærmast er Die Linke. Dette er read more »

Mine kvitter denne veka

RT @hglondal: Bra post om angrep på off.ansatte: @HvaHunSa http://bit.ly/k9O3B @Hjorten http://bit.ly/StN7g @Villkatta http://bit.ly/10BeH9 # Har blogga om Veslebror ser deg av Cory Doctorow på Samlaget. Om fridom og terrorisme. http://bit.ly/1dYuVY # Apropos "Veslebror ser deg", om boka på http://bit.ly/1dYuVY, med lenker til boka, les boka først så denne: http://bit.ly/2WURbD # @osol kva er gtd, read more »

Veslebror ser deg

Eg har lese boka «Veslebror ser deg» av Cory Doctorow. Dette er ei spennande bok av fleire grunnar. Den eine grunnen er sjølve boka, som er god om ikkje epokegjerande. Det andre grunnen er at boka er fritt tilgjengeleg på nettet. Du kan laste ho ned gratis, og det kan du gjere med forfattaren si read more »

Mine kvitter denne veka

@AWieseDagbladet Det er det folk har bedd om, no må vi stå på for miljøet. #valg09 #velg09 in reply to AWieseDagbladet # RT @steinare: Smaker godt med fortsatt rødgrønt, selv om det er en liten bitter ettersmak… # @Jarle_H @nordnytt ultimatum er eit sterkt ord, Jarle. Eg reknar med at dette klarer vi å finne read more »

Kva no – vesle parti?

Valet er over, og veljarane har talt. Det var godt at det framleis blir raud-grønt fleirtal i landet, men resultatet til SV plagar meg. Eg synst det er trist at ikkje miljø vart ei viktigare sak i valkampen. Eg trur likevel vi skal innrømme at vi og kunne gjort ting annleis. Kanskje ikkje i valkampen. read more »

Mine kvitter denne veka

@AmazonSecret Vi kan jo ikkje pålegge ein kommune å ilegge eigedomsskatt? Veljarane lokalt har jo valt det #valg09 in reply to AmazonSecret # I dag kjem Kristin Halvorsen til Tromsø. Gler meg til mange spennande ting i dag # RT @SVparti: skal stå på for lønnsløft! http://bit.ly/OZUJr # Flyskolen er berga. Kristin kom med penga! read more »

Siste dag på stand – god måling i Troms

Så var denne valkampen nesten over. Det gjenstår enno å ta nokre telefonar, sende nokre SMSar, men i hovudsak er det no slutt. I dag var eg på stand på Sjøvegan. det var hyggeleg. Det vart nye medlemmar i partiet og god stemning. God stemning blir det og av gode målingar. I dagens meiningsmåling i read more »