Lokale marknader er alltid hyggelege og spennande affærer. Det er mykje folk, artig å prate, og artige ting å kjøpe. Av og til blir likevel samansettinga av varer slik at ein kan ta til å tenke, som i eksemplet under. Eg må innrømme at eg tenkte at dette er god forretningssans, i alle fall om kvaliteten på kjøttsuppa ikkje er på topp.
Men god var ho.

Eg heiter Pål Julius Skogholt er blitt 40 år. Eg har tre barn, nummer to tok til på skolen i haust. Eg kjem opprinneleg frå Lofoten, men har tapt hjarte mitt til Tromsø og ei vakker kvinne frå byen. Der er det kanskje ein samanheng? 