Feature,SV,Val

Kva no – vesle parti?

Foto: Harry Wad

Kristin Halvorsen kan gjere ein fantastisk jobb som kunnskapsminister, noko ho brenn for. Foto: Harry Wad

Valet er over, og veljarane har talt. Det var godt at det framleis blir raud-grønt fleirtal i landet, men resultatet til SV plagar meg. Eg synst det er trist at ikkje miljø vart ei viktigare sak i valkampen. Eg trur likevel vi skal innrømme at vi og kunne gjort ting annleis. Kanskje ikkje i valkampen. Eg synst heile partiet har gjort ein svært god valkamp. Derimot trur eg vi har gjort ein del strategiske feilval ikkje berre i denne stortingsperioden, men over lengre tid.

Det største feilen vi har gjort er at vi har blitt for snevre i satsingsområdane og prioriteringane. Eg er samd i at miljø og utdanning er dei to største oppgåvene og utfordringane partiet står overfor, men desse sakene er ikkje nok til å bli eit stort parti. Heller ikkje den viktige saka fattigdomsbekjemping er nok.

SV har vore svakt på to heilt sentrale politikkområde som vi må vere gode på for å kunne bli eit parti som varierer mellom 15 og 20 prosent heller enn eit parti som varierer mellom fem og ti prosent. Dei to tema som må bli eit satsingsområde framover er arbeidsplassar/næringsutvikling og helse/omsorg. Utan at partiet har stor truverd på desse områda kan SV aldri bli eit stort parti. Den nye stortingsgruppa har spennande kompetanse som kan komme godt med. Alf Holmlid er ein spennande politikar som kan og har jobba mykje med næringsutvikling og miljø. Den kompetansen treng vi.

Derimot er det ingen som peikar seg ut på helse- og omsorgsområdet. Det må vi ta fatt i. Eg håper og trur at Aksel Hagen og Heikki Holmås kan bygge seg opp på desse felta. Korleis må dette spegle seg i korleis posisjonane skal fordelast i SV.

Valet viser og at SV slit i det som har vore den sterkaste landsdelen for SV. Vi kan ikkje leve godt med eit så dårleg resultat i Nord-Noreg. Vi må jobbe med dei viktige sakene i landsdelen, og bygge opp gode folk som kan bere partiet framover.

Eg trur og at det vil vere rett for SV å gje opp finansministerposten. Kristin Halvorsen har gjort ein fantastisk jobb, men det strategisk grunnlaget for å velge den ministerposten er borte. Det var viktig for SV å vise at vi kunne styre økonomien. Eg har aldri tvilt, men mange andre har. No er den tvilen borte, og vi bør prioritere viktige sektorområde.

Draumen min er desse fem ministerpostane til SV i prioritert rekkefølgje:

  1. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen
  2. Miljøminister Erik Solheim
  3. Fiskeri og kystminister Ellen Øseth
  4. Arbeidsminister Audun Lysbakken
  5. Likestillingsminister Gerd Bjørhovde/Kirsti Bergstø/Kjersti Markusson/Liv Hauknes

Bård Vegar Solhjell som parlamentarisk leiar og Heikki Holmås som leiar for helsekomiteen.

Dette kunne blitt eit svært spennande lag, med viktige og spennande politiske område.

Relevante nyheitsartiklar:

Standard

Tankar om “Kva no – vesle parti?

  1. Kommentar frå Karin Anna Øvervatn på Facebook: Synes du hadde mange fornuftige tanka. Trur også det er lurt å ikke ha finansministere!! Vet for lite til å mene noe om navnelista!! I Harstad hviler vi litt… Tar oppsummering i neste uke eller uka deretter eller…

  2. Her var det mange gode poeng og forslag. Vi må definitivt bli bedre på næringspolitikk. Kristin som kunnskapsminister vil være et uhyre godt trekk. Da kan vi kanskje klare å få regjeringen samlet til å satse ordentlig på forskning og innovasjon over hele linja. Men hvorfor en kvinne som likestillingsminister? En mann ville gjort seg, ville vise at SV ligger foran de fleste på det området.

  3. reidar says:

    Til Solberg

    Forklar meg forskellen mellom Landssvikerer og Halvorsen

    I disse landene ho frier til hadde ho blitt dømt til døden bare fordi ho er kvinne

    • Reidar om du treng å få dette forklart så slit du litt. ein landsvikar svik landet sitt og samarbeider med fienden. Kven er evt. fienden vår? Og kva svikfullt skulle vore gjort?

  4. Kai Joar Kristensen made a comment about your note "Kva no – vesle parti?": på facebook

    Gode refleksjoner, Pål Julius!
    Når det gjelder de 2 satsingsområdene du har nevnt, så er jeg helt enig! Næring MÅ vi satse på, det er nødvendig spesielt her i Nord-Norge. Og når jeg snakker med næringsdrivende om SV sin næringspolitikk, så er de ofte enige med store deler av den. Vi må bare bli flinkere til å dra den frem, og så trenger den jo en finpuss.
    Når det gjelder de 2 områdene utdanning og helse, så tror jeg vi kanskje må snu ting litt på hodet. Innenfor helse har vi kanskje brukt for mye tid på å snakke om de ansattes arbeidsforhold, og hatt et for dårlig fokus på de som trenger pleie og omsorg. Innenfor skole har vi litt motsatt problematikk. SV er ikke lenger et lærerparti, fordi vi ikke snakker om hverdagen til lærerne, men om nye reformer (heldagsskole, mat osv).

  5. vedad says:

    Styrking av SV må komme gjennom en balanse mellom påpekte problemer og troverdige løsninger.

    Selv de mest trofaste SVere må nok innrømme at stempelet "utgiftsparti" ikke er så langt unna sannheten. SV er et raust parti som bryr seg om mange små. Problemet er at SV er fullstendig fraværende i diskusjoner rundt næringspolitikk som er relatert til inntektene. Hvordan vil SV stimulere næringsutvikling? Jeg tror ikke en gang styret i partiet kan svare på dette spørsmålet. Det går faktisk ikke an å finansiere SVs hjertesaker utelukkende gjennom beskatning av den rikeste delen av befolkningen, selv om tanken er fristende for enhver sosialist.

    Troverdighet i miljøspørsmålet oppnås ikke bare gjennom å være imot fossile energikilder. Man må ha en realistisk plan for hvordan energibehovet vil bli dekt av andre kilder. Det er ikke nok å slenge ut begreper som "alternativ energi", uten å si hvilken, når, til hvilken pris, hvordan og hva som må til fra myndighetenes side.

    Også skole…min hjertesak. Når SV uttaler seg om skole, så handler det altfor mye om alt annet enn fagplaner, kompetanse til lærere…ja, alt det som har med kunnskap å gjøre. Jeg er også veldig opptatt av fallferdige skolebygg, dårlig ernæring hos elever, eller hvor mange PCer de har tilgjengelig men det blir som å fikse et dårlig ekteskap ved å skifte tapet i huset eller kjøpe komfyr med induksjontopp – det hjelper på stemningen og matlaging tar kortere tid men det blir ikke nødvendigvis mer intimkontakt av den grunn.

    • Eg trur ikkje vi er så veldig usamde Vedad, sjølv om eg nok har ei litt anna oppfatning av SV enn det du har på nokre sentrale punkt. Om SV er eit utgiftsparti? Tja, vi har vel i periodar vore det, kanskje fordi det har vore eit stort behov for å fordele verdiane i samfunnet betre. Men, SV har heile tida vore opptatt av å balansere budsjetta ( i alle fall dei siste 15 åra) og å få inntekter og utgifter til å gå i hop. I tillegg har partiet alltid hatt ein industripolitikk, sjølv om vi i periodar har vore dårlege til å kommunisere denne. Ei godt døme kan vere den satsinga vi ønsker på industrialisering av alternativ energi. Det er openbart at skal vi få til ein alternativ energiproduksjon som monnar, til ein pris som er akseptabel så må det satsast stort på å få produksjonen opp i eit høgt nok volum slik at einingsprisen går ned. Eit døme på at det kan gå rette vegen er solcellar. Der har prisen per installert kWh falt monaleg etter at Tyskland satsa stort og produksjonen auka. No er prisen framleis alt for høg, samanlikna med anna kraftproduksjon, slik det er i dei fleste samanhengane der vi snakkar alternativ energi. Samstundes ser vi no at kWh prisen fell kraftig for vindkraft og eg trur tidevasskraft er den neste storhendinga. Eg vil bli svært forundra om ikkje prisen der fell langt under vindkraft per installert kWh ganske snart. Mest fordi produksjonen vil vere kontinuerleg. Det trengst framleis ei storsatsing innafor alternativ energi. Spesielt varmekraftproduksjon basert på sol kan bli spennande. Men basisteknologien er til stades og må no inn på samlebanda om det skal bli noko effekt.

      Og der kom ungane inn, skolekommentaren kjem vi tilbake til.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.