Politi på tredemølle

Eg veit ikkje om det er berre eg som synst det er artig, men når regjeringa i Soria Moria går inn for meir politikraft ser eg for meg politifolk på tredemøller knytta til dynamoar. Kanskje er det ein del av satsinga på fornybar energi?

Politikraft er no likevel ikkje det viktigaste i den nye «Politiske plattform for flertallsregjeringen». Dokumentet inneheld mange spennande vegar for landet vårt å gå. Dei fleste fører framover, men nokre plassar går det og i feil retning. Eg vil likevel slå fast, at med utgangspunkt i valresultatet til SV så har partiet fått god uttelling.

Det er likevel klart at mange av dei positive formuleringane er upresise og ikkje så tydelege som eg kunne ønska meg. Det betyr at den politiske kampen ikkje er over, men at det blir daglege kampar for SV sine folk i regjering og på Storting for å fylle formuleringane med eit godt innhald. Eg håper dei vil få mykje hjelp både frå venstresida i AP, fagrørsla og andre organisasjonar. Det vil landet vårt trenge om resultatet om fire år skal bli bra. Magnus Marsdal har skrive interessant om denne problemstillinga her.

Det første eg merka meg med ståstad i nord er at regjeringa utvetydig slår fast at nordområda forblir den strategisk viktigaste utanrikspolitiske satsinga for landet, men og at dei seier om nordområdestrategien; «skal også legge vekt på næringsutvikling på land». Det er eit viktig punkt å ta med seg vidare. Skal vi vinne kampen mot oljeutvinning utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja må vi ha betre alternativ å komme med enn satsing på reiseliv, sjølv om det og er viktig. Vi må kunne vise til alternative arbeidsplassar og ein visjon om næringsutvikling som vi i nord kan tru på. Eg trur ein stor del av dette må komme innafor ei indstrialisering av fornybar energi. Det vil seie energien i seg sjølv og produksjon basert på denne, men ikkje minst leverandørindustrien til tidevasskraft, solenergi (sjå på Glomfjord) og vindkraft. Her er det store mulegheiter som SV må utnytte. Det er heldigvis ei god opning for å satse på dette i regjeringserklæringa, også i kapittel fire om næringspolitikk. Det som er heilt sikkert at SV ikkje aleine kan få til denne industrialiseringa, eller aleine ta ansvaret for å kjempe mot innstramminga i asylpolitikken, eller aleine sørge for at den store miljøsatsinga. Vi kjem til å trenge hjelp frå mange rundt oss, og presset må settast inn mot Arbeidarpartiet.

Bård Vegar har skrive om Soria Moria 2, det har og  Audun og Hjorthen har eit artig bilete her.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.