Skattelistene seier litt om likelønn i landet

Enno er det verd å gå i tog for likelønn i Noreg. Her er det sjukepleiarforbundet som demonstrerer. Foto: Tore Netland
Bladet Tromsø hadde ei svært interessant liste i går over inntekta til folk i Tromsø, sortert etter fornamn. Eg har dessverre ikkje funne lista på nett.
I Tromsø er Dag det mest lukrative fornamnet. Dagane i Tromsø tener i snitt 478612 kroner. På andreplass kjem Dagfinn også Stein. Det interessante er at det første kvinnenamnet ikkje dukkar opp før på 35. plass. Inger Lisene i Tromsø tener 322617 kroner, altså 150 000 kroner mindre enn Dagane. Gunvorene klokkar inn på 37. plass med 321409. Deretter må vi ned på 59. plass før neste kvinnenamn i form av Bjørg dukkar opp.
Blant dei 81 best betalte fornamna i Tromsø er det ni kvinnenamn.
Det er enno eit stykkje å gå før det er likeløn i landet.
Vote:
Skattelistene seier litt om likelønn i landet 




[...] This post was mentioned on Twitter by Pål Julius Skogholt and Pål Julius Skogholt, Sigurd Langseth. Sigurd Langseth said: Ennå en stund til likelønn RT @palskogholt Har blogga om skattelister og likelønn her http://bit.ly/8QKa2 basert på ein artikkel i Tromsø [...]