Drosje i Oslo

det er ikkje alltid ein kan stole på drosja i Oslo. foto: Eirik Solheim

Den første veka etter at eg fekk familien med meg til Oslo hadde vi fleire utfordringar. Den største utfordringa var noko så prosaisk som å få ungane til og frå barnehagen.

Vi har fått oss bustad på Frogner, og det er ingen ting å seie på bustaden. Vi har fått oss barnehageplass i Telthusbakken, og det er berre bra ting å seie om barnehagen. Dermot er det ikkje mykje bra å seie om korleis ein kan komme seg på tvers av byen med kollektivtrafikk og tre ungar på slep. Det er det nesten uråd å få til utan å bruke nesten ein time med gåing, bussing og trikking. Det synst i alle fall ikkje eg er artig, og ungane synst ikkje det var artig, verken morgon eller kveld. Det vart derfor til at vi brukte litt drosje den første tida. No har eg fått både bil og sykkel nedover så ting er blitt mykje enklare. Densykkelmotoreen eg eingong investerte i er gull verd når eg skal frakte tre ungar. To i vogna og ein bakpå. (sykkelmotoren har eg skrive og snakka om her og her) Men til tema.

Det å bruke drosje var ikkje enkelt. Det verste tilfellet var ein dag eg kom litt seint i barnehagen. Først kvart på fem var eg der. Planen var at vi skulle sykle, men på veg til barnehagen kila kjeda seg fast og drosje var einaste mulegheit. Basert på tidlegare erfaringar hadde eg mine tvil då eg ringte. Sørvisen har ikkje akkurat vore rask her i tigerstaden. Eg måtte likevel ringe Oslo taxi og be om bil med plass til ein vaksen og tre ungar. Det skulle dei ordne, men det kunne ta lit tid. Illevarslande med tre trøytte ungar og mange kuldegradar ute.

Vi tøyde tida med å kaste snøball på blink og leike sjørøvar. Det var ganske så triveleg, men når det hadde gått ein halv time tok vi til å bli både utolmodige og svoltne. Eg ringte og purra. Dette skulle dei ordne fekk eg høyre. Det gjekk eit kvarter til før dei ringte tilbake og sa dei ikkje var i stand ti å skaffe bil til oss. Humøret var ikkje på topp.

Eg må innrømme at eg vart ikkje så lite overraska. At det som eg vil tru er den største drosjesentralen i Noreg ikkje klarer å frakte tre barn og ein vaksen er smått utruleg.

Heldigvis hadde kona rekt å komme seg tilbake til Oslo frå Dammen der ho hadde henta bile. Den hadde vi frakta frå Tromsø med tog, så vi vart berga litt over ein time etter at eg først bestilte bil frå Oslo taxi, og ikkje av Oslo taxi.

Er det andre som har ei drosjehistorie som de vil dele i kommentarfeltet?

5 Replies to “Drosje i Oslo”

  1. Jan Olsen sa:

    He-he. Har noen drosjehistoreier som godt kan fortelles i lystig lag (eller i godt selskap som det heter når man skal omtale sine alkoholvaner). Dem kan vi ta en annen gang.

    Men eg tok taxi i Tromsø, med det nyselskapet, og fikk en sjåfør som måtte være reine inkarnasjonen av en taxisjåfør. Eg praia han i Torghuken og skulle opp til Trykkbasenget deromkring. Han mostra og småkjefta heile turen. Alt var galt, de andre sjåføran, tidligere passasjera, fotgjengera osv. Eg vesste ikkje korsen eg skulle klare å holde meg alvorlig, eg holdt stadig på å bryte ut i storfliring. På toppen av alt så meinte han vesst alvor med klagemålet sitt. I og med at eg satt å holdt kjeft, så prøvde han stadig nye tema for å dra meg i gang. Men, eg turte ikkje åpne kjeften. Han ville følt seg utflirt og ville sikkert kasta meg ut.

    Når vi så kom fram og eg fikk betalt han, så klaga han på ryggen og beklaga at "vesst han ikkje hadde hatt lumbago, så skulle har ha hjelpt meg med å løfte ut kofferten"

    Det var en minnerik tur.

  2. jørn are gaski sa:

    Jeg tok taxi til Flesland fra Bergen sentrum en tidlig dag i desember,sjåføren møtte først opp to kvartaler bortenfor meg så ringte han opp og spurte hvor jeg ble av. Sjåføren kunne litt engelsk og litt norsk, men vi fikk oppklart hvor han stod og hvor jeg stod. Han rygget til meg. Så startet vi turen til Flesland og jeg skjønte fort at han ikke kunne veien så jeg måtte forklare hvordan vi skulle kjøre ut av sentrum slik at vi kom til motorveien til Flesland. Det bar avgårde i 120 km/t opp til Flesland. Da vi kom fram visste sjåføren ikke hvordan kort-terminalen i drosjen fungerte og sjåføren måtte få veiledning via tlf for terminal betaling på et språk jeg ikke klarte å plassere, jeg kom fram og rakk flyet, så tjenesten ble på sett og vis levert – artig opplevelse! – og kofferten tok jeg selv ut av bagasjerommet.

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.