aftenposten på nynorsk
Feature, Ikkje politikk

Aftenposten på nynorsk

aftenposten på nynorsk

Det gjev ei eiga glede å lese Aftenposten på nynorsk.

I dag har eg lest Aftenposten på nynorsk. Det var artig. Det kjem ikkje av at den gamle tanta er blitt moderna, radikal og nynorsk på sine gamle dagar. Det kjem av at eg i dag har prød eit godt nytt verkty for å omsette nettsider og anna tekst frå bokmål til nynorsk.

Apertium.org er verktyet og det fungerer overraskande bra. Dei slit litt med å få kjønnet på ein del samansette ord rett og andre småting er det, men hovudinntrykket er at dette fungerer. Dersom du vel å bruke surf og omsett kan du surfe nesten som vanleg og få alle dei triste bokmålsnettstadene på nynorsk. Eg må innrømme at det gjev meg ei stor og spesiell glede å kunne lese aftenposten på nynorsk. Dersom dette blir vanleg er det nok nokre som vil snu seg i grava.

Apertium er eit prosjekt med open kjeldekode som først vart starta for å kunne omsette mellom spansk (kastiljansk) og katalonsk. Spanske og katalanske styresmakter betalte for utviklinga. Det fungerer godt for nærskylde som språk, som vi vel må seie at nynorsk og bokmål er. Du kan lese meir om det tekniske hos Lemurbataljonen

Dette er spennande, og eg lurer på kva for ei nettside du gler deg mest til å lese på nynorsk? Eg må nok prøve riksmålsforbundet snart.f

Standard

11 thoughts on “Aftenposten på nynorsk

  1. Oi, dette var moro! =D Eg les Aftenposten.no mange gongar om dagen, men det var langt betre no! ^^

    Eg ser at Apertium slit litt med samansette ord. "Byrådslederen" er framleis "byrådslederen", og "sykehusboligsaken" burde jo vore "sjukehusbustadsaka". Vi får vone det er barnesjukdomar! ^^
    My recent post Godmorgonkvitter!

  2. Oi, dette var moro! =D Eg les Aftenposten.no mange gongar om dagen, men det var langt betre no! ^^

    Eg ser at Apertium slit litt med samansette ord. "Byrådslederen" er framleis "byrådslederen", og "sykehusboligsaken" burde jo vore "sjukehusbustadsaka". Vi får vone det er barnesjukdomar! ^^
    My recent post Godmorgonkvitter!

  3. Jan Olsen says:

    Nynorsk- (og bokmåls)stilene blir nok innhenta av teknologien. Er det no et godt læringsmål, det at man skal kunne skrive på begge målformer. Holder det ikkje å kunne lese og forstå begge?

    Og forresten, blir det å lese oversett Aftenposten, som det var å se fjernsynsteater. Drama fra vestkanten på nynorsk…

      • Jan Olsen says:

        Joda, det er alltids et godt poeng å kunne uttrykke seg på begge målformer, men kan det bli (være) et klassefenomen, som "bare" akademikere i offentlig (og noen entusiastiske målmenn oppvokst i bokmålstyranni) tjeneste bruker og behersker?

        I motsetning til da "nynorsken" blei oppfunnet, som et motstykket til øvrigheta sitt skriftmål.

        Et historisk paradoks, kanskje?

  4. Pingback: Tweets that mention Aftenposten på nynorsk | Eit stykkje av verda -- Topsy.com

Eg vil gjerne høyre kva du tenkjer.